Organisasjonsnettverket inviterer lag og organisasjonar til kurs om korleis dei kan søke tilskot. Her gjer eit Vikebygd IL lag eit lagrop etter siste kamp i Vikeputten 2022.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Kurs for tilskot
Torsdag kveld inviterer Vindafjord kommune lag og organisasjonar til eit digitalt opplæringskurs i bruk av Tilskuddsportalen på zoom.
Dette opplyser kommunen på si nettside.
Tilskuddsportalen er eit digitalt oppslagsverk med over 2.700 søkbare tilskot, og er eit verktøy for å finne tilskot- og støtteordningar til ulike prosjekt for lag og organisasjonar. Kurset er aktuelt for alle som er tilknytt ein organisasjon og som ynskjer å søke tilskot.
Kurset gir ei innføring i korleis Tilskuddsportalen kan brukast som eit effektivt verktøy til å søke tilskot. Det legg også vekt på metodikk i arbeidet og utforming av søknader, samt korleis ein arbeider strategisk og langsiktig.