Inga Cecilie Sørheim.
Inga Cecilie Sørheim.

På tampen

Kriseramma kvardag

Publisert Sist oppdatert

Kvardagen er tilbake. Ungane er tilbake på skulen etter det som har minna mest om ein lang haustferie. I går gjorde kraftig regn at eit ras sperra vegen då me skulle heim frå hytta. Likevel er fyllingsgraden fortsatt låg i magasina. Me fyrte i vedovnen då me endeleg kom oss heim. Straumprisen er i skrivande stund over 700 øre ifølgje kraftbørsen Nord Pool. Den set ny pers dagleg. I butikken kostar ein pose kaffi nær femti kroner og ein pakke karbonadedeig rundt åtti kroner. Medan me ventar på el-bilen me har bestilt, lukkar me auga for rekordhøge drivstoffprisar og fyller diesel som før. For kva skal ein gjere..? Kvardagen går vidare.

Ordet krise er blitt ein del av kvardagen. Først hadde me koronakrisa, og i to år fekk pandemien skulda for absolutt alt som skjedde eller ikkje skjedde. Nå er det krigen i Ukraina som er den universelle syndebukken. Krig er sjølvsagt ei krise i ordets rette forstand, hovudsakleg for folket i Ukraina; men også for verdssamfunnet. Og det er ingen tvil om at krigen gir alvorlege ringvirkningar, og påverkar økonomien i heile verda. Her heime opplever me nå dramatisk auke i pris på mat, drivstoff og ikkje minst straum. I tillegg kjem fleire renteaukar som ei ekstrabelastning for privatøkonomien.

Dei følgjer situasjonen nøye. Dei skal sette ned eit utval. Det er lett å latterleggjere politikarane som stadig oftare tyr til desse flosklane. Det er ikkje lett å styre landet i desse dagar; det forstår alle. Men me vil ha politikarar som tar ansvar og handlar, i stadan for å dra krisekortet. For dei som styrer skuta er det gunstig å ha ei krise å skulde på. Latteren til Vedum stilna rimeleg kjapt. Og medan alle peikar på Støre, peikar Støre vidare på Putin. Solidaritet med Europa, seier han; medan pengane renn inn i statskassa. Det er alltid godt å ha nokon å rette peikefingeren mot, slik at ein slepp å sjå seg sjølv i spegelen. Men det er som alltid pengane som rår.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS