Næringsliv
Krafteventyret i Åkrafjorden
I løpet av ni månader har han bygd to kraftverk, sett opp eigenkonstruert mobilstasjon, utbetra vegen og bygd ny båthamn på den veglause sida av Åkrafjorden. Når kraftentreprenøren Egil Kambo set i gang med eit nytt byggeprosjekt går det unna.
Det var ein gong fire grunneigarar på Eikemo i Etne som ønskte seg eit kraftverk. Dei hadde godt med vatn rennande i bekker og elver over eigedomane sine og tenkte at det kunne vera fint å omgjera vassenergien til eit nyttig føremål, samstundes som dei kunne få ei kjærkomen ekstrainntekt til gardsdrifta. Ein konsesjonssøknad blei snikra saman, og karane sa seg godt nøgde med innsatsen. Men åra gjekk, og lite skjedde, og den spenstige vasskraftdraumen var i ferd med å bli berre ein draum. Men så ein dag skjedde noko som skulle få fart i sakene.
— Me tok kontakt med Egil, seier grunneigar Geir Arne Eikemo.
Dermed var problemet løyst, og etter mange og lange år var arbeidet med eit flunkande nytt kraftverk plutseleg blitt ein realitet.
— Utan Egil hadde det aldri blitt noko kraftverk, seier Eikemo.
Alternative løysingar
Egil Kambo i det vesle firmaet Kambo Energi AS, som han driv saman med kona Viola, har lang erfaring med kraftverkbygging. Sitt første vasskraftverk bygde han i år 2000, og sidan den gong har han prosjektert og bygd 10 andre kraftverk i Etne, Vindafjord, Hjelmeland og Bykle. Somme eig han sjølv, andre har han bygd for vidaresal, og somme har han oppført på oppdrag.
Då grunneigarane på Eikemo tok kontakt, tende han straks på ideen. Etter ein grundig runde på teiknebordet og med ein ekstra god plan for logistikk til den veglause grenda på nordsida av Åkrafjorden, var han klar. Lokale entreprenørar blei leigde inn, Stian Aasbak i Aasbak Service og Utleige fekk jobben som byggeleiar, medan Jonas Skår blei tilsett som assisterande byggeleiar.
Den største utfordringa var å frakta byggemateriale over fjorden og vidare opp langs ein tre kilometer lang, svingete og smal veg. Ei anna utfordring var manglande mobildekning og ein kai som ikkje var godt nok utrusta til å ta imot alt som blei levert sjøvegen.
Men den røynde kraftbyggjaren frå Etne visste råd. Ein midlertidig mobilstasjon med utstyr frå Telia blei snikra saman heime i garasjen og montert på ein fjelltopp på Eikemo, og arbeidet med den etterlengta båthamna, som innbyggjarane på Eikemo har hatt på ønskjelista i snart 30 år, blei sett i gang. Ein aprildag i 2024 kunne den første lekteren med utstyr leggja til kai ved sjøkanten i Eikemo, og arbeidet kunne ta til.
— Den største utfordringa har vore transport. All betong blei frakta med helikopter av Helitrans, som frakta 300 liter betong i slengen. Resten av utstyret blei levert med båt og lekter. Me har hatt fokus på rask gjennomføring heile vegen og har nytta lokale entreprenørar. Me har hatt rundt 30 innleigde til arbeidet på Eikemo kraftverk og Djuve kraftverk, som blei bygd samstundes. Alle er flinke folk som veit kva eg tenkjer, seier Egil Kambo, som også har lagt ned ein god del arbeid i utbetring av den kommunale vegen frå kaien til grenda Eikemo, i tillegg til å byggja ny eller fiksa på eksisterande veg vidare oppover til vassinntaket.
— Me har opparbeidd og grusa vegen. Ein plass har me laga ein ny trase for å kutta ein sving, seier han.
Mesteparten av røyrgata frå stasjonen til inntaket er gravd ned og ligg eit par meter under skogsvegen. Alt areal langs traseen og ved stasjonsbygget, som har vore gravd opp, vil med tida gro til og skjula alle spor etter inngrepet.
— Når alt veks til, vil det bli som før, seier han.
Eikemo kraftverk
Etter ni månader med intens jobbing stod Eikemo kraftverk ferdig. Ei 950 meter lang røyrgate var komen på plass to til tre meter under jorda, ein 270 meter lang tunnel var sprengd ut i fjell og nytta som fyllmasse i vegen og rundt røyrgata, og ein fem meter høg demning var blitt støypt ved inntaket 342 meter over havet. Rundt 150 høgdemeter under inntaket er ei solid stasjonsbygning sett opp, som husar mellom anna to turbinar og ein generator produsert i Europa. I full drift vil anlegget produsera opp mot 12 GWh årleg.
— Generatoren og turbinen har eg montert sjølv, seier han.
Heile prosjektet har eit budsjett på rundt 60 millionar kroner, og når alt er i drift, vil det bli selt vidare.
— Kraftverket skal seljast til Småkraft, seier Kambo.
Djuvselva kraftverk
Parallelt med bygginga av kraftverket på Eikemo tok Kambo på seg oppgåva med å setja opp eit kraftverk på Djuve, eit lite stykke lenger ut i fjorden, for Småkraft.
Djuve er litt mindre enn Eikemo kraftverk, med ein prislapp på 50 millionar kroner og ein årsproduksjon på rundt 8 GWh årleg.
— Dette er Småkraft sitt. Eg har konstruert, designa og bygd verket, seier Kambo.
Djuvselva kraftverk har ei fallhøgd på 308 meter, med to inntak og ei nedgravd røyrgate på 1875 meter. Sjølve kraftstasjonen i sjøkanten er utstyrt med ein turbin og har eit utvendig design som minner om eit tradisjonelt båthus.
Spenstige løysingar
Då røyrtraseen til Djuvselva kraftverk skulle leggjast, støtte Kambo på eit par utfordringar. Eit rundt 3500 år gammalt fornminne i form av spor etter oske, som indikerte eit svedjebruk, tvinga utbyggjaren til å endra den planlagde traseen slik at røyret blei lagt i ein liten sving utanom det freda området. Etter godkjenning frå Kulturminneavdelinga i Vestland fylkeskommune fekk han lov til å flytta grensa mot fornminneområdet, slik at han ved hjelp av eit spesialbygd bend kraftig nok til å tola trykket frå vassmassane kunne fortsetja med røyrgata.
— Bjarne Skår formidla kontakt med ein fabrikk i Abu Dhabi som laga ei skreddarsydd løysing. Eg drog til emiratane for å ha møte med leverandøren, og dei var svært hjelpsame, seier den løysingsorienterte kraftutbyggjaren.
I tillegg til eit forsterka bend trong Kambo ei Y-avgreining litt lenger oppe i lia for å knyta dei to innløpa saman. Også den blei skreddarsydd av den same arabiske produsenten.
Framtidige prosjekt
Så langt har Kambo Energi AS bygd fem vasskraftverk i Etne kommune, tre i Vindafjord, to på Hjelmeland og eitt i Bykle. I tillegg har Egil Kambo vore konsulent for om lag 20 kraftverk i samband med konsesjonsprosess, finansiering og detaljprosjektering. Planen vidare er å starta opp fire nye prosjekt i Etne: Miljateig kraftverk (8,5 GWh), Hetleflåt kraftverk (6,3 GWh), Høyland kraftverk (4 GWh) og Skidalsvatnet kraftverk (2,8 GWh).
— Eg likar å jobba, smiler den arbeidsame kraftutbyggjaren.