Redusert arbeidstid har hatt positiv effekt på dei tilsette sitt psykososiale arbeidsmiljø og overskot, viser eit forsøksprosjekt i Oslo og Stavanger.
Foto: Thomas Brun / NTB / NPK
Kortare arbeidstid gav betre arbeidsmiljø i barnehagane
– For å kunne konkludere om effekten av redusert arbeidstid på tenestekvalitet og sjukefråvær trengst ytterlegare forsking – både over lenger tid og med eit større omfang, seier prosjektleiar Marie Bjella i Rambøll i ei pressemelding.
I to år har tilsette i to barnehagar, éin i Stavanger kommune og éin i Oslo kommune, jobba 80 prosent med 100 prosent lønnskompensasjon, mens konsulentar frå Rambøll Management Consulting forska på effektane. Endring over tid har blitt samanlikna med to kontrollbarnehagar.
– På visse område skil utviklinga i psykososialt arbeidsmiljø i forsøksbarnehagane seg vesentleg frå utviklinga i kontrollbarnehagane, seier Bjella.