Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Koronaviruset spreier seg til stadig nye delar av landet. Illustrasjon: Folkehelseinsituttet

Koronasmitta tok hurtigbåt heim

NPK: Smittevernoverlege Ruth Midtgarden i Stavanger stadfestar hendingsgangen overfor Stavanger Aftenblad.

– Passasjerane det gjeld, gjorde alt riktig. Dei visste at dei skulle vere i karantene, hadde munnbind og heldt seg saman i ei gruppe, med god avstand til andre passasjerar og mannskap, seier ho.

Det er ikkje nødvendig å setje resten av passasjerane på hurtigbåten i karantene, legg ho til.

Det var ei gruppe på 40 pensjonistar som var på tur med bussen. Til saman er 31 av dei stadfesta smitta – dei fleste er frå Stavanger, Sola, Sandnes og Randaberg.

– Stod i kø saman

Alle vart testa då dei kom tilbake til regionen måndag kveld, og fleire av dei tok altså båten for å komme seg heim etterpå. Dagen etter vart det stadfesta fleire smittetilfelle.

– Eg vart irritert då eg høyrde at det vart sagt at alle som hadde vorte testa, vart køyrde til sin eigen heim utan bruk av drosje og offentleg transport. Det stemmer ikkje, seier ei kvinne som har kontakta Stavanger Aftenblad.

Båtturen tek om lag 40 minutt.

– Dei har stått i kø saman og har halde i dei same rekkverka i båten. At det ikkje er fare for at dette spreier seg ut av gruppa som var på tur, stemmer ikkje, meiner ho.

Overheldt smittevernreglar

Kommuneoverlege Hans Petter Torvik i Sandnes seier til NRK at busselskapet som organiserte turen, heldt seg til smittevernreglane.

Bussen hadde 55 plassar. I reisefølgjet sat par saman og einslege åleine. Torvik seier selskapet reagerte riktig då dei vart gjorde kjende med at det var smitte blant passasjerane, og at dei umiddelbart kontakta Stavanger kommune for testing.

– At dei heiv seg rundt og fekk testa alle i bussen, utan at nokon gjekk av, gjorde at dei mest sannsynleg forhindra eit mykje større utbrot, seier kommuneoverlegen.

Turen starta tysdag 15. september. Reisefølgjet har vore innom seks overnattingsstader på turen gjennom Austlandet, Dovre og Vestlandet.

(NPK)

Powered by Labrador CMS