Dronning Sonja og kong Harald kjem til Vindafjord torsdag. oto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff.
Dronning Sonja og kong Harald kjem til Vindafjord torsdag. oto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff.

Kongeparet kjem på besøk

Hans Majestet Kongen og Hennes Majestet Dronningen besøker Agder og Rogaland i mai. Dei avsluttar besøket i Ølen torsdag 30. mai.

Publisert Sist oppdatert

Dette opplyser Vindafjord kommune på si nettside.

Kong Harald og dronning Sonja skal besøke fem kommunar i Agder og Rogaland, som dei tidlegare ikkje offisielt har besøkt. Dei startar i Froland kommune i Agder søndag 26. mai, og Åseral kommune får besøk måndag 27. mai. Tysdagen går reisa vidare til Rogaland og Lund kommune. Onsdag 29. mai kjem Kong Harald og Dronning Sonja til Randaberg kommune. Fylkesbesøket blir avslutta torsdag 30. mai med eit besøk til Vindafjord. Ordførar Ole Johan Vierdal ser fram til besøket.

— Det kjem til å bli laga til ein scene utanfor Sjøperlo i Ølen. Reserveplanen dersom det blir forferdeleg vêr er å trekke det inn i Ølen idrettshall, fortel Vierdal.

Kjem med skip

Alle skuleklassar i kommunen vil bli køyrd med bussar til Ølen for å vere med på arrangementet. Det offisielle opplegget kjem til å vare cirka 90 minutt. Kongeparet vil nytte Kongeskipet Norge under fylkesturen.

I 2023 sendte Vindafjord kommune saman med fleire kommunar i Rogaland ein invitasjon via Statsforvaltaren i Rogaland til Slottet om å få besøk i 2024. Naboen på andre sida av fylkesgrensa til Vestland, Etne, er også blant kommunane som står att på før kongeparet har besøkt alle kommunane i Noreg. Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim ønsker nabokommunen lykke til med besøket.

— Det blir stor stas for Vindafjord å få besøk av Kongen og Dronninga, seier ho.

Powered by Labrador CMS