Kommunestyret har vedteke å overta gjelda til Skakke SA, og idrettshallen blir då kommunen sin eigedom. – Me held oss til kommunestyrevedtaket og vedtaket til årsmøtet i Skakke SA, seier ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.
Kommunestyret har vedteke å overta gjelda til Skakke SA, og idrettshallen blir då kommunen sin eigedom. – Me held oss til kommunestyrevedtaket og vedtaket til årsmøtet i Skakke SA, seier ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.

Skakke-saka

Kommunen overtar gjeld – men punktum frå stiftinga er ikkje sett

Trass i at kommunestyret i Etne den 19. mai tok ei avgjerd om å takka nei til 30 millionar frå Sparebankstiftinga Etne, og gå i forhandling med Skakke SA om kjøp av idrettshallen, lever saka vidare.

Publisert Sist oppdatert

Vedtaket frå kommunestyremøtet er at gjelda til Skakke SA blir overført til kommunen, men at idrettshallen då blir eigd av kommunen.

Årsmøtet til Skakke SA ni dagar seinare vedtok at styret skal innleia forhandlingar med Etne kommune om sal av idrettshallen. Endeleg avtale må bli godkjent av årsmøtet i Skakke SA. Når det gjeld forfalne avdrag og renter, skal Etne kommune dekka dette mot eit tilsvarande gjeldskrav mot Skakke SA.

Årsmøtet i Skakke SA bestemte òg at så lenge verksemda er i forhandlingar med Etne kommune, kan dei ikkje kan gå i forhandling med andre potensielle kjøparar av idrettshallen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS