Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad meiner gjenopninga føreset at kommunane er flinke til å sette inn eigne tiltak. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad meiner gjenopninga føreset at kommunane er flinke til å sette inn eigne tiltak.

— Kommunane må halde igjen

Espen Nakstad seier det er viktig at kommunane ikkje går for raskt fram i gjenopninga. Meir ansvar blir lagt over på dei når Noreg nasjonalt opnar opp.

Publisert Sist oppdatert
Assisterande helsedirektør Nakstad har sett kritikken mot gjenopninga som blir fremja av smittevernprofessorar overfor NTB. Helsestyresmaktene har vore klare på at gjenopninga kan føre til meir smitte.

— Ein viktig premiss for den nasjonale gjenopninga er at ein framleis held igjen lokalt der det er høgt smittepress, seier Nakstad til NTB.

— Det er sannsynleg at smitten vil auke i kommunar som eventuelt vel å gå for raskt fram med gjenopninga trass høge smittetal, seier han.

Kampen om R-talet

Nakstad seier smitteauken vil komme fordi auka kontakt mellom menneske får R-talet, kor mange ein smitta smittar vidare, til å auke. Vaksinasjonen vil ikkje trekkje R-talet så mykje ned før fleire er vaksinerte inn mot fellesferien, seier Nakstad.

— Dersom smitten i mellomtida aukar mykje blant uvaksinerte personar mellom 30 og 60 år, vil vi kunne få fleire innleggingar og auka press på helsetenesta enkelte stader i landet. Dette er noko lokale politikarar er godt kjende med og som vi håpar dei tek med seg i vurderingane sine, seier han.

Nakstad seier det er viktig å behalde kontrollen over smitten, sjølv i ei gjenopning, fram til alle vaksne har fått tilbod om ein vaksinedose.

Fleire kan bli sjuke og få langtidsplager

Viss ikkje kan gjenopninga føre til at nokon kan bli alvorleg sjuke like før dei skulle ha vorte vaksinerte.

— Det er fordi smitten som regel aukar eksponentielt, altså meir og meir, når han først byrjar å stige. Då kan vi fort få fleire innleggingar og fleire unge menneske med langtidsplager (long-covid) i ein fase av pandemien då det berre står att nokre veker før dei same personane vil ha fått tilbod om vaksine, seier Nakstad.

Han viser til at tal frå Danmark viser at talet på innlagde ikkje stig mykje, sjølv med smitteauke no.

— Uvissa i begge land er likevel knytt til kor mykje meir smittespreiing vi faktisk får når samfunnet opnar meir opp. Folks etterleving av dei lokale smittevernråda vil nok bli veldig viktig for at vi skal behalde kontrollen dei neste vekene, seier helsetoppen.

— Reell fare for mutantar

Smittevernprofessorane som slår alarm om gjenopninga, peikar særleg på at det ved høg smitte vil bli fleire mutasjonar, og ein fare for at ein av variantane er slik at vaksinane ikkje verkar mot dei.

— Dette er absolutt noko vi har vurdert og det er den viktigaste årsaka til at vi framleis har streng grensekontroll med testing, seier Nakstad.

— Mutasjonsrisikoen er òg ei av dei viktigaste årsakene til at smittetala bør vere lågast mogleg i alle land medan vaksinasjonen blir gjennomført. Det er ein reell risiko for at vi kan hamne bakpå og få nye mutasjonar i omløp som vaksinane ikkje verkar like godt mot, seier den assisterande helsedirektøren.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS