Klart for ny peparkakebygd
Det er nemleg det niande året at det er peparkake-utstilling i Ølen Senter. Det var Merete Vårvik Matre som byrja det i si tid, men no er det Mona Ljosnes Nordtveit og venninna Helene Haukland som har tatt over.
— Det lagar seg jo eigentleg sjølv, det trengs berre litt koordinering og promotering frå vår side, seier Nordtveit som understrekar at det er ei peparkakebygd, ikkje by.
Ho seier at det er eit tilbod til kreative unge og vaksne kor det er låg terskel for kva som blir levert inn.