Turkonsulent Per Martin Kjellesvik blir med på bussen til FKH-Viking.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Klare med FKH-buss
Laurdag stiller FKH med ein gratis buss frå Etne Senter til Haugesund Stadion og heim igjen, slik at folk kjem seg til og frå kampen FK Haugesund-Viking.
— Dette blir bra, seier turkonsulent Per Martin Kjellesvik i Knapphus Buss.
Han skal vere med i bussen som blir køyrd av den erfarne sjåføren Jan Bjørkhaug. Bussen har kapasitet på 53 seter og det er forhandspåmelding på FKH si nettside. Folk som melder seg på kan bli plukka opp langs E134 om dei ikkje vil komme til Etne Senter. Dette registrerer ein ved påmelding.
Etter å ha spelt på høgaste nivå i Noreg sidan 2010 har FKH klart å skaffe seg eit grep om dei fleste unge fotballhjarter i Etne og Vindafjord, men det bur også ein del folk med band til Stavanger-regionen i Grannar-distriktet. Kjellesvik fortel at også Viking-fans kan vere med på bussturen til Rogalandsoppgjeret.