Klar med ny skulerevy
Etter fleire års pause er elevane ved Vikedal skule igjen klar for skuleframsyning. Denne gong med skulemusikalen Engler og Hormoner på plakaten.
— Kor skal bordet stå, og kor mange stolar skal inn. Er det nokon som har byta batteri i mikrofonen.
Det er øvingsdag og travelt på scenen på bygdehuset i Vikedal. Replikkar skal terpast, dansetrinn øvast inn og sceneskift bytast så raskt som mogleg. For på torsdag er det alvor. Då er det premiere, med førestilling for resten av skuleelevane på dagtid og bygdefolket om kvelden. Det er 12 år sidan elevane ved Vikedal skule sist inviterte til skulerevy, så nå gjeld det at alle trør til som best dei kan.
Arbeidet med skulemusikalen starta like over nyttår, og dei siste vekene har niandeklassingane lagt det meste av skulearbeid på hylla for å jobba med framsyninga.