Kjøpte ein ferdig butikk
Lill-Inger Andresen Velde slo til då ho vart tipsa om at klesbutikken i Skjold stod mellom to alternativ, eigarskifte eller avvikling. Dermed går Velde i gang med noko ho har ønskt seg lenge.
— Eg har hatt ein draum om å drive butikk, men eg har ikkje våga å gjere noko med det. Eg fekk høyre av ein kamerat at butikken var til sals, og eg måtte berre hive meg rundt og bestemme meg sidan den tidlegare eigaren ville selje før jul, fortel Lill-Inger Velde (35).
Det er eit knapt år sidan Myhres klær i Etne opna ein filial i Skjold, men av ulike årsaker valde eigaren Hildegunn Wreim Myhre å avslutte i Isvik før jul.
Ho ønskte ført og fremst å selje butikken med varelaget, men ville uansett avvikle før jul dersom ingen interesserte kjøparar melde seg.