Forfattar Erika Fatland frå Ølen.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Kjøper likevel Erika Fatland-bok
Mange steila då Kulturrådet i haust sa nei til å kjøpa inn Erika Fatland si kritikarroste sakprosabok Høyt til norske bibliotek. Nå har Kulturrådet snudd.
Det er VG som skriv om snuoperasjonen. Kulturrådet har ombestemt seg i siste runde og kjøpt inn både Høyt og andre bøker dei tidlegare har avslått. Forfattaren frå Ølen meiner det burde vore sjølvsagt at hennar siste bok blei kjøpt inn.
— Eg synest, for å vera ærleg, at det er trist at det blir VG-sak av at ei god sakprosabok er kjøpt inn til biblioteka. Det burde vore ein sjølvfølgje! Her snakkar eg ikkje berre på vegner av meg sjølv, men på vegner av alle dyktige sakprosaforfattarar som har opplevd å ikkje bli kjøpt inn. Me er mange, seier Fatland til VG.