NIBR vil ha ned tida det tar å handsama byggjeløyve.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB /NPK
Kan ta tre år å godkjenna byggjeprosjekt
Ny kartlegging viser at det i snitt tar nærare tre år å få godkjend eit byggjeprosjekt. No har forskarar kome med ni forslag for å få ned tida.
Forskarar ved By- og regionsforskingsinstituttet NIBR har, saman med Asplan Viak, kartlagt tida det tar frå ide til byggjeløyve. Snittida er på 890 dagar. Det melder Teknisk ukeblad. Kartlegginga er gjort på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet
Dette er ei markant auke frå berre 577 dagar i 2016. Det kan verta eit problem for regjeringa sin ambisjon om å byggja 130.000 nye bustader innan 2030 for å få bukt med bustadmangelen.