Tettare på
Kampen om bygda si sjel
Kva skal Vikebygd vere? Ei stille bygd kor fastbuande og hyttefolk finn ro i lite rørte omgivnadar, eller ein bit av eit nytt norsk industrieventyr? Dette engasjerer alt i frå innbyggjarar til kommuneleiinga og Olje- og energidepartementet.
Kjernen til spørsmålet er Vindafjord kommune og Westcon sine planar om å utvikle heile det over 500 mål store industriområdet på Dommersnes. I eit formannskapsmøte 25. september 2022 lanserte kommunedirektør Yngve Folven Bergesen for første gong planane om utvikling med tanke på serieproduksjon til havvindnæringa.
Etter ein lengre politisk prosess blei det felles selskapet Dommersnes AS/Windafjord Port stifta 5. mai 2023. Nå håpar tilhengarar i bygda, kommuneleiinga og selskapet sin daglege leiar Jørgen Jorde at det kan skapast noko som blir eit løft for bygda.
— Å få ein kontinuerleg heilårsdrift vil vere positivt for Vikebygd med tanke på arbeidsplassar. Det kan bli arbeidsplassar både i Windafjord Port og samarbeidspartnarar som er leverandørar til havvindindustrien, seier Jorde.
I tillegg til leiarjobben i Windafjord Port, har Jorde vore avdelingsleiar for grøn og berekraftig teknologi i Westcon Yards sidan mars.
Gode forhold
Industriområdet på Dommersnes har ein djupvasskai mot Ålfjorden og strekker seg i dag nesten opp til Vikevegen mellom Isvik og Vikebygd. Avsvinginga til industriområdet ligg ein kort køyretur unna Vikebygd sentrum. Det er mest kjent for bygginga av Ekofisk-veggen som Peconor utførte der i 1988-1989, som sysselsette svært mange i bygda. Sidan har det vore forholdsvis stille, med småskala industri der.
I 2021 blei det ein kortvarig aktivitetsoppsving då Aker Solution ferdigstilte betongskråga til elleve vindturbinar til den største flytande havvindparken i verda, Hywind Tampen, der. Sidan har mange aktørar innan havvindindustrien vist interesse for området. Jorde meiner det er veldig godt eigna til serieproduksjon til slik industri.
— Industriområdet har ei gunstig plassering og gode forhold. Her er det god havgrunn, det kan utviklast på steingrunn og har god bereevne, seier Jorde.
Av geografiske faktorar trekk han fram nærleiken til den planlagde havvindparken Utsira Nord, så vel som andre prosjekt i Nordsjøen, samt kort avstand til lokale industriaktørar som Ølen Betong og Westcon. Ølen Betong leverte cirka 35.000 kubikkmeter betong til Hywind Tampen-prosjektet.
I 1985 blei heile området regulert til industri. Jorde ser dette som svært gunstig kva gjeld prosess og framdrift. Han fortel at det er inngått kontrakt med Norconsult om gjennomgang av eksisterande reguleringsplan og blant anna laga ein del konsekvensutgreiingar som ikkje blei gjort under den reguleringsplanen.
— Det blir fleire høyringsrundar der folk kan gje innspel, fortel Jorde.
Fem verksemder vil bli råka dersom planane om utvikling av heile industriområdet til havvindssatsing blir realiserte. Desse er Gangstø Transport AS, Ølen Trevare AS, Techinical Entry, A Nagel Alne AS og Multi Vedlikehold Drift AS.
Stegvis
Ny aktivitet er allereie på veg til Dommersnes, som følge av Westcon Yards sin kontrakt med svenske SeaTwirl for fabrikasjon og installasjon av deira nye S2x offshore vindturbin. Fabrikasjon av stålstrukturane er planlagt ved Westcon sitt verft i Florø for så å bli transportert til Dommersnes for komplett samanstilling og testing. Til slutt skal komplett turbin bli slept til Bokn kor den skal installerast. Jorde bekreftar at det er ein avtale mellom Windafjord Port og Westcon om samanstillinga.
— Prosjektet er lite nok til at det kan gjerast på området slik det er i dag, fortel Jorde.
Nyleg sendte Windafjord Port byggesøknad for fase 1 av planane sine for utvikling av området. Fase 1 medfører at 54 dekar av det eksisterande industriområdet blir planert ned til kaien sitt høgdenivå. Saka er sendt på høyring til statlege og regionale sektorstyresmakter. Jorde understrekar at Fase 1 ikkje inneberer endringar langs sjøkanten eller i sjøen.
— Fase 1 er ei nødvendig klargjering av området. Det vil gjere området attraktivt for andre næringar også, eksempelvis oppdrett, seier den daglege leiaren.
Framdrifta i fase 1 baserer seg på reguleringsplanen frå 1985. Jorde seier at selskapet diskuterer kva dei kan få til etter at fase 1 er gjort, og at det kan vere mogleg å gjere prosjekt som er ein del av elektrifiseringa av oljesoklar med straum frå havvindmøller.
Kontinuerleg storindustri vil krevje meir areal. Selskapsavtalen mellom kommunen og Westcon omtalar ein fase 2 for utvikling av heile industriområdet, der inngåing av kjøpsavtalar vedrørande naboeigedommar med vil vere aktuelt, samt at det vil vere aktuelt å bringe inn nye samarbeidspartnarar og investorar i selskapet. Sidan har Windafjord Port begynt å snakke om ein fase 3. Jorde forklarar dette som forskjellige byggesteg.
— Me ser for oss å gå fram litt stegvis, samtidig som me gjer forretning og kartlegg kor mykje aktørane ser føre seg. Dette må me få klargjort fortløpande for å dekke flest mogleg kundar undervegs, samtidig som me ikkje bruker for mykje pengar, seier Jorde.
Fase 2 går på utvikling av området på vestsida av Vikevegen, mens fase 3 er på vestsida. Det gjer fase 3 meir krevjande og kostbar.
— På vestsida strekker tomtene kommunen eig seg langs mesteparten av sjølinja. Skal ein på austsida må vegen flyttast. Det blir eit mykje større inngrep med fleire grunneigarar å forholda seg til, fortel Jorde.
For fase 2 og 3 skal det lagast ny reguleringsplan.
— Kontakt med alle
Ambisjonane til Jorde er å få kontraktar på både tidlege havvindprosjekt og havvindparkar. Det kan vere kontraktar for bygging og samanstilling av fundamenter, og utrustning av fundamenta, generator og vindmølleblad. Selskapet ser føre seg å produsere havvindmøller både i stål og betong. Den daglege leiaren opplever veldig stor interesse for Dommersnes i marknaden.
— Me er i kontakt med stort sett alle potensielle utbyggjarar for Utsira Nord, fortel Jorde.
Han opplyser at selskapet så langt har fokusert mest på flytande havvindmøller, men har også vore i kontakt med ein del potensielle utbyggjarar for Sørlige Nordsjø II, som er eit av områda regjeringa har peika ut for å etablere botnfast havvind. Kven Windafjord Port skal inngå sine potensielle kontraktar med er avhengig av kva utbyggjarar som får kontraktar for dei ulike havvindprosjekta.
— Me reknar med at kontraktar for havvindparkar skal signerast i 2024 og 2025, så det er ein prosess ut i frå det, seier Jorde.
Den daglege leiaren har tidlegare uttala at alle prosjekt sør for Trondheim er interessante for Windafjord Port. Nå fortel han at dei også ser føre seg at det kan vere ein marknad for dei i Storbritannia og Irland.
Jorde seier at alle som driv med havvind i Noreg er avhengige av kor hardt staten satsar. I mai 2022 presenterte regjeringa ein ambisjon om at det innan 2040 skal tildelast areal med potensiale for 30 GW havvindproduksjon på norsk sokkel. Olje- og energidepartementet har fått med seg planane på Dommersnes.
— Regjeringa har mål om at havvindsatsinga skal bidra til å bygge opp havvindindustri, herunder leverandørindustri. Det er derfor positivt med slike initiativ som i Vindafjord kommune. Her har dei også erfaring frå arbeidet med Hywind Tampen, seier Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i Olje- og energidepartementet.
Vil at bygda skal få noko igjen
Jorde har opplevd sine første månadar i Windafjord Port som veldig hektiske og spennande, der han har gjort seg kjent på heile neset rundt Utbjoa og Vikebygd. Ønsket til selskapet er å få til fast og kontinuerleg arbeid på Dommersnes. Dette meiner Jorde på sikt vil føre til arbeidsplassar på sikt, både for Vikebygd og resten av Vindafjord. Han ser for seg at selskapet kan ha ein del arbeidsplassar der sjølv.
— Med kontinuerleg heilårsdrift er det nok naturleg å ha eit administrasjonsbygg og lagerbygg og mindre hallar i samband med det på Dommersnes. Dette vil kunne skape lokale arbeidsplassar innan eksempelvis rekneskap, administrasjon, vakthald, vedlikehald av eigedom og utstyr og lageroppgåver, fortel den daglege leiaren.
Andre lokale verksemder kan også oppleve ringverknadar. Jorde fortel at han har starta med kartlegging av lokale leverandørar dei kan nytte i utviklingsfasen. Han har vore i kontakt med det lokale bondelaget om fjerning av lausmassar, noko det har vore fleire interessentar for. Fleire lokale har også vist interesse for å bruke stein frå Dommersnes til forskjellege formål.
— Det har vore veldig spennande med blant anna nabomøte. Eg skjønar at ikkje alle nødvendigvis synest dette er positivt for dei, men eg synest me har hatt ein transparent prosess, seier Jorde.
Ein del som tek kontakt med han lurer på korleis prosjektet blir i fase 2 og 3. Jorde vil ha fleire nabomøte der dei informerer om prosessen etterkvart som den sklir fram.
Per 1. oktober har 661 personar signert eit opprop mot Dommersnes-planane med namnet Bevar Ålfjordens perle!» Dette er både personar som er fastbuande i Vikebygd, folk med hytte der, og folk utan band til bygda.
— Det er vanskeleg å vite kva som ligg bak. Noko av det reknar eg med handlar om støy og støv frå både utbygging og potensielle prosjekt. Det har vore eit stille område fram til nå. Med aktivitet blir det annleis, seier Jorde.
Han understrekar at det er klart at ein vil merke at ein passerer eit område med større aktivitet om ein køyrer forbi Dommersnes etter at planane eventuelt har blitt realiserte. Samtidig påpeiker han at ein ås fungerer som ein skjerm mot Dommersnes hytteområde og resten av Vikebygd.
Ulikt engasjement
Vikebygd har 552 fastbuande innbyggjarar, samt ei betydeleg hyttebefolkning i både tal og aktivitet. Bygda har fleire møteplassar. Nede ved kaien i sentrum kan ein sjå båtar så langt auga ser i begge retningar. Her er det også eit større aktivitetsområde med benkar på marka og eit leikeapparat. Like ved ligg det ein volleyballbane med grasunderlag. I dette område ligg også Vikebygd kyrkje, med si store gravlund og minnesmerke over lokale sjømenn som mista livet under 2. verdskrig, samt eit større beiteområde.
Ein kort køyretur unna ligg Vikebygd bygdahus, like ved Kjekt i Vik-hallen og Vikebygd IL sin grasbane. Her er det full aktivitet under den tradisjonsrike barnecupen Vikeputten kvart år. Laurdagen Grannar tek turen er prega av at september ligg midt mellom feriesesongane.
Det er heilt stille på kaiområde og fotballbanar, så vel som Dommersnes hytteområde sin leikeplass og sandvolleyballbane. Den einaste plassen det er eit jamt sig av folk er på Joker Vikebygd. Denne laurdagen sitt vikebuen Eline Veastad (16) i kassen. Ho har ikkje ei klar meining om planane på Dommersnes eller kva dei vil ha å seie for bygda si framtid.
— Det er vanskeleg å sjå for seg korleis det blir, seier Veastad.
Kunden Jenny Svendsbøe har sjølv jobba på Dommersnes, blant anna i kantina under Peconor-prosjektet. Ho er mot dagens planar, og synest det er eit altfor stort innhogg i naturen.
— Eg trur ikkje bygda får noko igjen. Det kan henda det blir noko, men på sikt trur eg at det kjem og går. Naturen blir øydelagt for alltid, seier Svendsbøe.
Charlotte Ulveraker var på tur med ei større gruppe denne laurdagen, men tok seg tid til ein liten prat om Dommersnes-prosjektet.
— Eg har ikkje reflektert så mykje rundt det, men det blir store naturinngrep, seier Ulveraker, som poengterer at ho bur litt skåna frå sjølve industriområdet.
Ein annan som er ute å går er Arne Fjeldheim. Han er på hytta si på Dommersnesvegen frå torsdag til søndag kvar veke og er tydeleg på kva han meiner om planane.
— Eg synest det er tull. Hadde det vore ei litt edrueleg utbygging hadde det vore greitt, men slik dei snakkar blir det altfor stort, meiner Fjeldheim.
Fryktar fråflytting
Dei tydelegaste motstandarane mot Dommersnes-planane er Jon Magne Svendsbøe og Hans Olaf Aakre Myrvang. Etter å ha kjøpt eit hus i Vikebygd i 2020 har Aakre Myrvang vore i bygda i helger og feriar. Tidlegare i år blei han og sambuaren fastbuande i bygda. Svendsbøe er ein engasjert vikebu som blant anna sit i Vikebygd Grendeutval.
— Eg er negativ fordi full utbygging, altså alle fasane, med storleik tilsvarande 77 fotballbanar, for all framtid vil endra bygda negativt og er irreversibelt på land og i Ålfjorden. Dette er alt for stort for ei lita bygd og vil skapa eit stort og djupt innhogg i perla» i Ålfjorden, seier Svendsbøe.
Aakre Myrvang var initiativtakar bak den digitale underskriftskampanjen mot prosjektet, og har saman med Svendsbøe jobba for å få inn fleire signaturar gjennom blant anna å gjere det mogleg og skrive under fysisk på butikken i bygda.
— Det er nokre som er for, men slik underskriftskampanjen nå skrid fram, vil eg samla sett seie at det er stor motstand mot gigantplanane, seier Svendsbøe.
Han meiner at bygda ikkje lenger vil vere til å kjenne igjen, og at det vil ha negative konsekvensar for livskvaliteten der, dersom planane blir realiserte.
— Naturinngrepet vil vere enormt. Fjorden vil delvis bli fylt med skip og offshore-konstruksjonar og på land vil lys- og lydforureining prega bygda, i tillegg til 200 meter høge havvindkonstruksjonar på land og i fjorden nær sentrum. Grunnen til at eg og mange med meg trivst så godt med å bu her inne og pendle til jobb utanfor bygda, er nettopp roen og freden ein får av skog, fjord og fjell. Eg fryktar mest døgnkontinuerleg lys- og lydstøy frå industriområdet og frå båttrafikk og konstruksjonar i fjorden, fortel Svendsbøe.
Dei negative konsekvensane han ser for seg på livskvaliteten trur han at kjem til å resultere i fråflytting frå bygda, heller enn befolkningsvekst. Han viser til at unge folk i dag heller pendlar til enn å flytte tett på eit industriområde og eksemplifiserer Kårstø prosessanlegg i Tysvær kommune. Også for Ålfjorden som heilskap ser Svendsbøe negativt på planane. Han trur at idyllen Ålfjorden er kjent for med fiske og småbåtliv for fastbuande og hyttefolk vil forsvinne.
— Allereie i dag har skipstrafikken auka i samband med utvidinga av Bremnes Seashore sitt anlegg i Trovåg, og med kommande utviding med to store, nye hallar der vil skipstrafikken auka ytterlegare. Denne auka trafikken lever me godt med, men vil vera småtteri å rekna samanlikna med først skipstrafikken for å frakta vekk steinmassar frå planering på Dommersnes og seinare frakting av vindkonstruksjonar til og frå Dommersnes. Dessutan er det antyda at halvferdige og ferdige, høge konstruksjonar vil ligge på rekke og rad i fjorden, seier Svendsbøe.
Svendsbøe er svært kritisk til prosessen som har gått i samband med Dommersnes-planane. Blant det som frustrerer han er det han opplever som manglande informasjon til fastbuande og folk med hytte, og at det er sendt byggesøknad til fase 1 utan å lage ny reguleringsplan. Aakre Myrvang og Svendsbøe, har sendt inn to merknadar på søknaden til både Statsforvaltaren, fylket og kommunen.
Dei stiller spørsmål ved habiliteten til Vindafjord kommune som sakshandsamar av ein søknad frå eit selskap kommunen eig halvparten av, og om bruken av reguleringsplanen frå 1985. I dialog med naboar har kommunen vist til at habilitetsspørsmålet i denne saka ikkje skil seg frå eksempelvis søknadar frå skular og omsorgssenter som kommunen eig, der kommunen er sakshandsamar. Dette svaret meiner Aakre Myrvang og Svendsbøe ikkje er relevant for ei så konfliktfylt sak som denne store industriutbygginga som kommunen har eigne interesser i.
Me får ikkje noko igjen for rasere bygda
Kritisk til mediedekninga
Synspunkta til Svendsbøe blir delt av fleire vikebuar. Else Karrin Dommersnes Vestbø synest ikkje prosjektet har fått nok kritisk søkelys på seg av media.
— Lokale medium har ikkje vore flinke nok til å få fram motstemmene. Dokke må drive meir kritisk journalistikk og spørje fleire vanlege folk, meiner Dommersnes Vestbø.
Ho synest media har vore altfor lojale til kommuneadministrasjonen og deira framstillingar av prosjektet. Særleg dekninga av folkemøtet i Vikebygd bygdehus fekk ho til å reagere. På møtet var dei fleste som tok mikrofonen positive, på vilkår om at bygda får noko igjen for satsinga. I gongane på veg heim var det fleire som uttrykte skepsis. Denne viste seg etterkvart i lokale Facebook-grupper og bana veg for underskriftskampanjen.
Dommersnes Vestbø er nabo til industriområdet på Dommersnes. Ho er kritisk til prosessen.
— Me er tatt på senga, seier vikebuen.
Langt meir positivt minnast ho på Peconor-prosjektet. Særleg ser ho med glede tilbake på at to familiar som flytta til bygda for arbeid med prosjektet den gongen blei igjen i Vikebygd.
— Bygginga av Ekofisk-veggen var bra, for då var det mykje arbeidsløyse i Vikebygd. Nå er det lite av det i bygda, seier Dommersnes Vestbø.
Noko av hennar manglande tru på større positive ringverknadar på storskala satsing på bygging til havvindindustrien er erfaringane frå Hywind Tampen-prosjektet.
— Det var ingen som blei igjen. Dei einaste i Vikebygd som tente på prosjektet var Joker og Plassabakeriet, seier vikebuen.
Ho understrekar at det var positivt at desse fekk inntekter og viktigheita av å ha ein butikk i bygda. Kva gjeld dei aktuelle planane om ser ho få oppsider.
— Me får ikkje noko igjen for rasere bygda, seier Dommersnes Vestbø.
Lokal motstandar inn i kommunestyret
Dommersnes-planane har så langt møtt lite politisk motstand. Med den nyvalte vikebuen Ivar Ødegård (Vindafjordlista) inne i kommunestyret kan dette endre seg.
— Eg har sidan eg forstod omfanget av kva ei fullskala utbygging vil innebere, vore imot. Eg er bekymra for konsekvensane for bygda, fjorden og fjella, og for at identiteten til området vil forsvinne, seier Ødegård.
Han understrekar at han ikkje uttalar seg på vegne av Vindafjordlista, men at dette er hans personlege meining. I tillegg poengterer Ødegård at han og kona eig ein landbrukseigedom i Vikebygd.
— Denne ligg på Dommersnes, men grensar ikkje direkte til industriområdet. Me bur likevel så nært at ei utbygging uansett vil påverke vår kvardag og livsførsel, fortel Ødegård.
Med unntak av nokre tilleggspunkt har formannskap og kommunestyret i Vindafjord samrøysta stemt fram kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sine forslag til framdrift i planane. Det første teiknet til politisk motstand kom tre dagar før valet, då Guri Ravatn (SV) sa at ho burde ha sette seg meir inn kva det faktisk betydde då ho og kommunestyret stemte for å gi kommunedirektøren fullmakt til å forhandle fram selskapsavtalen for det som er blitt Dommersnes AS/Windafjord Port. Som nyvalt vikebu i kommunestyret lovar Ødegård å følge saka nøye vidare.
— Eg vil gjere det eg kan for at utviklinga på Dommersnes skjer i samsvar med det veljarane ønskjer, fortel vikebuen.
Ravatn gjekk også ut med eit krav om at det skal bli gjort konsekvensutgreiing før ein går i gang med fase 2 og 3 av planane. Sidan desse fasane først kjem etter at det har blitt laga ein ny reguleringsplan, som konsekvensutgreiing er ein del av, bryt ikkje dette med framdriftsplanane Folven Bergesen har skissert frå tidleg i prosessen.
Forstår tilhengarar
Planane på Dommersnes får Ødegård til å bekymre seg for livskvaliteten til dei som har valt å etablere seg i Vikebygd. Han trur ikkje at eit slikt prosjekt vil tilføra bygda mange nye fastbuande, noko han grunnar med nærleiken til Haugesund, Tysvær og andre tettstadar.
— Til dømes bidrog ikkje bygginga av Ekofisk til meir enn to-tre nye fastbuande familiar. Det var på 1980-talet då mobiliteten var mykje dårlegare enn i dag, seier Ødegård.
Likevel har han forståing og respekt for at det er folk i Vikebygd som meiner at prosjektet vil vere bra for bygda. Ødegård understrekar at desse skal takast på alvor og bli lytta til.
— Mitt inntrykk er at desse stemmene ser på Windafjord Port som ein god moglegheit for å skape aktivitet og utvikling på Dommersnes, og at dette vil bety vekst for bygda og regionen, fortel vikebuen.
Sjølv er Ødegård positiv til aktivitet og utvikling på industriområdet, og trekker fram Hywind Tampen som eit stjerneeksempel på korleis området som ligg der i dag kan nyttast på ein måte som gir aktivitet og utvikling, samstundes som naboar og andre råka kan leva liva sine vidare. Han spør seg om ein kanskje kan sjå på eit Hywind Tampen XL»-prosjekt dersom havvind blir den nye store industrien i Noreg.
Vil trekke i handbrekket
Ødegård har fått inntrykk av at utbygginga er av ein alt, eller ingenting»-karakter: Enten blir det full utbygging til fase 3, elles blir det ingenting.
— Om dette er tilfelle, håpar eg det er mogleg å trekke i handbrekket og ikkje gå vidare med arbeidet i fase 1. Om fase 1 likevel blir ein realitet, håpar eg det er mogleg å sjå på andre alternativ enn det som er skissert, seier vikebuen.
Han meiner at det allereie finst mange område langs vestlandskysten som er storindustrialisert og som i så måte ligg betre til rette som eit produksjons- og samanstillingsområde enn Dommersnes.
Vil redde skulen
Sjølv om dei lokale stemmene som er negative til Dommersnes-planane har blitt stadig meir dominerande i det offentlege ordskiftet sidan folkemøtet er det framleis også vikebuar som er positive. Ein av desse er Gunnar Birkeland, som sit i Vikebygd Grendeutval. Han brenn for å få meir tilflytting til bygda, og sitt i bu-gruppa i prosjektet Gode VIBar i Vindafjord.
— Eg prøver å sjå på totalen. Me kan ikkje ha det slik som i dag. Me må få fleire unge folk til bygda om skulen og barnehagen skal overleve, seier Birkeland.
Under prosessen rundt barnehage- og skulebruksplanen var han ein aktiv forkjempar for at Vikebygd oppvekstsenter, som består av barnehage og 1.-7. klasse, ikkje skulle bli lagt ned. Per 1. oktober 2022 hadde skulen 30 elevar. Berre Bjoa (24) og Imsland (23) hadde færre.
Den siste tida føler Birkeland at det kan ha blitt skapt eit falsk bilete i media av at motstanden blant bygdefolk er større enn den er. Han siktar særleg til bruken av tal frå underskriftskampanjen, der han er kritisk til at ein har fastbuande og andre på same liste.
—Det burde vore ei liste med skattebetalar i Vindafjord som bur i Vikebygd og ei liste for andre. Derfor er det viktig at informasjonen om tala på lista er korrekt i media. Viss det blir gitt inntrykk av at heile Vikebygd er imot, mens realiteten er rundt 50 prosent, er det ein veldig forskjellig situasjon, seier Birkeland.
For å illustrere dette trekker han fram at Guri Ravatn i SV var den einaste som gjekk aktivt ut og uttrykte ein form for skepsis til prosjektet i valkampen, og at partiet hennar gjekk tilbake frå 7,8 prosent av stemmene i Vikebygd i 2019 til 4,1 prosent på valet i september. Med pulsen på bygda merker likevel Birkeland at mange er skeptiske, og at ein del stiller spørsmål ved kva bygda får igjen for satsinga
— Nokre meiner at om selskapet hadde kome med noko konkret til Vikebygd hadde folk vore meir positive, fortel Birkeland.
Nokre dagar seinare fekk bustadgruppa i Gode VIBar-prosjektet innvilga ein søknad til selskapet om 30.000 kroner til å reise på bustadmessa på Karmøy 10.-12. november. Der skal dei promotere prosjektet og Vindafjord kommune. Birkeland sett stor pris på gåva.
— Det viser at dei har lyst til å vere positive til lokalbefolkninga, seier han.
Open for forandring
Ein annan som bryr seg om Vikebygd si framtid er Dag Nagel Alne. Han har ikkje signert underskriftskampanjen og er ikkje frykteleg bekymra.
— Fase 1 er vel det som er mest realistisk i dag. Dei neste stega er meir diffuse, seier Nagel Alne.
Han poengterer at Dommersnes har lege som eit regulert industriområde i cirka 40 år, og at mange industriområde såg annleis ut for 100 år sidan enn dei gjer i dag og har bidratt til levande samfunn. Kva ei eventuell fullbyrding av Dommersnes-prosjektet vil ha å seie for befolkningsutviklinga i Vikebygd meiner han det er for mange usikre faktorar til å spå.
— Men skal me sitte på hælane å seie nei uansett kva som blir føreslått blir det ikkje utvikling i bygda, seier Nagel Alne.
Sjølv var han med å bygde Ekofisk-veggen. Sjølv om mange har industrijobbar i dag trur han ikkje det blir slikt som den gongen, då store delar av bygda var med.
— Det utopiske ville vore ei bedrift med 15-20 arbeidsplassar, men eg veit ikkje om det er realistisk, fortel Nagel Alne.
Me må få fleire unge folk til bygda om skulen og barnehagen skal overleve
Draumen om betre veg
Forutan tilflytting har ein av dei sentrale ringverknadane tilhengarar av prosjektet har løfta fram vore betre veg. Prosjektleiar Torbjørn Jektnes i Rogaland fylkeskommune omtalar vegen mellom Utbjoa og Isvik (Fv 4736 Vikevegen) som ein fylkesveg som skriv seg tilbake til ei tid med anna dimensjoneringsgrunnlag.
— Vegen er tidvis smal og har ein vegoverbygning som er svak etter dagens standard, seier Jektnes.
For tida er vedlikehaldsavdelinga i fylket i gang med kantforsterkning og førebuande arbeid for asfaltering frå Isvik og opp i retning Vikebygd på cirka ein kilometers lengde. Vidare vil det bli gjort tiltak for å forsterke veg på cirka 2,5 kilometer vidare mot Trovåg. I etterkant vil det bli lagt nytt toppdekke asfalt over begge etappane for ein total lengde på rundt 3,6 kilometer asfalt.
— Arbeidet mellom Isvik og Trovåg starta opp i midten av september og har som mål å vere ferdig før nyttår, fortel Jektnes.
Han opplyser at det er laga skisser på planer for vidare vedlikehald/forsterkningsarbeid likt som det som er gjort strekningsvis mellom Trovåg og Dommersnes industriområde, og at det vil bli utført vedlikehald på Svendsbøe bru med tanke på rekkverk i 2024.
I 2021 blei det utført gjort vegutbetring mellom Trovåg og Vikebygd, med mål om å få betre trafikksikkerheit og framkomst på utsette delstrekningar/flaskehalsar. Prosjektet fall saman med Hywind Tampen-samanstillinga, men Jektnes poengterer at prosjektet låg i handlingsplanen for 2018-2023 og blei til før det blei klart at havvindmøllene skulle samanstillast her.
Spurt om serieproduksjon til havvindnæringa kan få Vikevegen oppover på prioriteringslista, understrekar Jektnes at det generelt ikkje er nokon automatikk i at store industriprosjekt utløyser fylkeskommunale investeringsmidlar. Han påpeiker likevel at ei større bruksendring av ein strekning, eksempelvis som følge av etablering av nye industriområde, kan føre til at tiltak på den aktuelle strekningen blir spelt inn og prioritert.
— Prioriteringane på fylkesvegnettet er ei politisk avgjerd, seier Jektnes.
I Vindafjord er ønsket om betre veg stort. Nagel Alne minnast at vegen kom seg nokre hakk ved Peconor-prosjektet og er berre blitt gjort betre stykkevis sidan. Han trur det kan vere håp om at Vikevegen blir flytta oppover på fylket si prioriteringsliste om Dommersnes-prosjektet blir realisert. Han får støtte frå kommunedirektør Yngve Folven Bergesen.
— Ved storskala industri talar det iallfall ikkje mot, seier kommunedirektøren.
Kva type næring det blir er eigentleg ikkje vesentleg, Halfdan Krohn Brekke, kommunalsjef for samfunnsutvikling
— Fleire blei spurt
Vegen mot det som utvikla seg til store planar om å utvikle industriområdet på Dommersnes starta etter Hywind Tampen. Folven Bergesen opplyser at kommunen fekk ein førespurnad frå eit selskap som lurte på kor dei kjøpe eller bygge understell til havvindmøller.
— Då gjekk me i dialog med lokalt næringsliv og spurte fleire lokale aktørar. Berre Westcon ville vere med vidare, fortel Folven Bergesen.
Han tidfestar den første kontakten med Westcon om utvikling av Dommersnes til havvindsatsing til hausten 2021. Kommunedirektøren synest at selskapsavtalen til Windafjord Port balanserer forholdet mellom Westcon og kommunen på ein god måte, og avviser at det er problematisk at kommunen går saman med ein privat aktør i eit selskap. Dette illustrerer han med Ølen Næringspark på Nerheim, som kommunen eig saman med Biovind AS, Vikedal Eiendom AS og Tveit Maskin AS.
— Kommunen er ikkje ein industriaktør og er avhengig av å få med private aktørar for å utvikle næringsareal, seier kommunedirektøren.
Styret i Windafjord Port er samansett av tre styremedlemmer. Vindafjord kommune sin representant er Kristian Birkeland, tidlegare rådmann i kommunen. Westcon sin representant er leiar for subseaavdelinga i selskapet, Steinar Matre. Den nøytrale styremedlemen er tidlegare styreleiar i Helse Fonna, Per Bjørn Habbestad. At kommunen kan utnemne mindre enn halvparten gjer at styret ikkje blir famna av offentlegheitslova, og at offentlegheita følgjeleg ikkje har innsynskrav i styremøta. Folven Bergesen avviser at dette er eit bevist trekk frå kommunen for hemmeleghaldet si skuld, og viser til at Westcon og kommunen eig kvar sin halvpart.
— Hadde me eigd over halvparten måtte ting godt gjennom lengre prosessar etter lov om offentleg anskaffing. Det er meir effektivt slikt me gjer det, forklarar Folven Bergesen.
Utfordra på om Westcon har fått ei for stor hand på rattet og kva krav kommunen har stilt til industriaktøren svarar kommunedirektøren at kommunen og Westcon har ei felles interesse av å utvikle området.
— Me har forhandla fram ein avtale der Westcon både må gå inn med midlar og ein ganske stor innsats i fase 1, seier kommunedirektøren.
I selskapsavtalen står det at i fase 1 forpliktar Westcon seg til å ta seg av planering av 40-50 mål av eigedommen til same nivå som dagens kaiområde for eiga rekning. Verdiauke eigedommen får som følgje av dette arbeidet tilhøyrer Westcon, og skal kunne konverterast som eit kapitalinnskot inn i selskapet.
Open for fleire formål
Det kommunale ansvaret for å følgje opp planane på Dommersnes ligg nå på kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling, som starta i stillinga i august. Han har vore på fleire turar til Vikebygd, blant anna for å vere med dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port å besøke naboar til industriområdet.
— Dette er eit massivt prosjekt som kan bety ekstremt mykje for kommunen, seier Krohn Brekke.
Både han og Folven Bergesen har tru på at det kan vere med å bidra til å få opp folketalet i Vikebygd. Dei er også tydelege på at sjølv om det er havvind som er mest aktuelt nå, er verken selskapet eller industriområdet låst til den industrien.
— Ambisjonen er å få mest mogleg aktivitet. Kva type næring det blir er eigentleg ikkje vesentleg. Forhåpentlegvis gir det i størst mogleg grad arbeidsplassar i Vindafjord. Det er det kommunale perspektivet, seier Krohn Brekke.
Arbeidsplassar er den klaraste ringverknaden kommunalsjefen og kommunedirektøren peikar på når dei blir utfordra på kva bygda skal få igjen for ei storsatsing. Dei håpar også at aktørar som skal inn på Dommersnes kan bidra med forskjellig, men seier at dei ikkje kan sette konkrete krav. Folven Bergesen viser til at Vindafjordhallen i Vats i hovudsak blei finansiert av ei pengegåve frå Norwegian Contractors etter at dei etablerte næringsverksemd på Raunes då den blei bygd i 1993.
Folven Bergesen og Krohn Brekke er klare på at lokale omsyn til både folk og natur skal takast framover, blant anna gjennom reguleringsprosessen for fase 2 og 3.