Dagleg leiar i Christiansen bakeri, Lilly Miljeteig og Vidar Miljeteig, ektemann og medeigar, kan skåle for ute- og inneservering. Foto: Svein-Erik Larsen
Dagleg leiar i Christiansen bakeri, Lilly Miljeteig og Vidar Miljeteig, ektemann og medeigar, kan skåle for ute- og inneservering.

Jublar for skjenke-ja

Tysdag gjekk kommunestyret i Vindafjord inn for å gi skjenkeløyve til Christiansen bakeri & konditori. Dagleg leiar Lilly Miljeteig ser fram til å ta imot fastbuande og turistar til det som blir Ølen sin einaste serveringsstad.

Publisert Sist oppdatert

— Det er heilt fantastisk. Det hjelper både bygda og bedrifta, seier Miljeteig.

Lengre diskusjonar

Etter ein lang debatt og eit hektisk gruppemøte, enda det med eit fleirtal for å gi dispensasjon, og følgeleg skjenkeløyve, til Christiansen spesifikt, innanfor bestemte rammer. Blant anna kan alkoholserveringa ikkje starte før 12. Kommunestyret gav administrasjonen fullmakt til å iverksette ytterlegare til detaljar i løyvet. Håvard Rørtveit (H) fremja det originale forslaget og den reviderte versjonen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS