Bibliotekleiar Gjertrud Fludal ved Etne bibliotek håpar på auka leselyst i sommar.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Inviterer til lesefest for vaksne
Den digitale lesekampanjen Sommarles for 1. til 7. klasse er blitt ein suksess som lokkar leselystne barn og unge til bokhyllene kvar sommar. Nå har biblioteket i Etne fått sin eigen lokale variant av den populære lesekampanjen, denne gongen med eit litt eldre publikum i tankane.
— Det er eit forsøk på Sommarles for vaksne. Eg testa det ut i fjor og det har vore etterspurnad etter å ha noko liknande i år. Rundt 10 personar deltok i fjor. Det gav meirsmak, seier bibliotekleiar Gjertrud Fludal ved Etne bibliotek og inviterer til Etneles i perioden 27. juni til 15. oktober.
Leselyst