Energi
Inviterer bygda til havvind-møte
— Førre gong det var folkemøte, kom det over 200 personar, så det blir nok mange denne gongen òg, seier commercial manager Olav Ubøe i AF Offshore Decom, med vising til eit informasjonsmøte i mars 2024.
AF Offshore Decom AS etablerte seg på Raunes industriområde i Vatsfjorden i 2004, og anlegget AF Miljøbase Vats vart ferdigstilt i 2009. No ønskjer dei å utvida operasjonane sine i Vats og, gjennom reguleringsplanen, sikra areal til produksjon og lagring av fundament til havvindturbinar, samt til montering og mellomlagring av ferdige vindturbinar i Vats- og Yrkefjorden før dei blir slepte ut til Nordsjøen.
10. juni vedtok formannskapet i Vindafjord kommune å senda ein reguleringsplan utarbeidd av konsulentselskapet Norconsult for AF Gruppen på høyring.
Interesse
Ubøe fortel at det er Vindafjord kommune som arrangerer møtet, og at dei vil informera om prosessen. AF Gruppen og Norconsult vil informere om føremålet, planen for framtidig bruk av hamne-/sjøområdet, sjølve planen og konsekvensutgreiingar. Det vil òg bli tid til spørsmål og svar.
— Mykje blir likt som møtet i Skjold, men no er det kommunen sin plan, seier Ubøe.
AF Gruppen opplever at folk i Vats er interesserte i ambisjonane deira for framtida til miljøbasen på Raunes.
Dag med dialog
I tillegg til møtet i Vindafjordhallen tysdag 26. august, blir det open dag onsdag 27. august. Den opne dagen blir hos AF Miljøbase Vats på Raunes, i kontorbygget oppe til høgre før hovudporten. Representantar frå AF, Norconsult og kommunen vil vera tilgjengelege for å svara på spørsmål om planforslaget.
— Me reknar med at det kjem ein del folk då, fortel Ubøe.
Høyringsfristen for reguleringsplanen er 10. september. AF vil behandla innspel og avklara det som må avklarast etter det, før planen går vidare til ny politisk behandling. Ubøe opplyser at dei håpar å få planen vedteken i løpet av året, eventuelt tidleg neste år.