Einride Aakra har stor interesse i både bygdehistorie og det lokale sogelaget. Men interessa har kome med alderen, seier 82-åringen.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Interessa kjem med alderen
Frå Einride Aakra vart fødd til han fylte 18 år flytta familien fem gonger før dei slo seg ned på Lussnes i Stordalen. Kvar stad har si historie, og gjennom heile livet har Einride vore mykje saman med eldre generasjonar som har vore flinke til å fortelja. Dette har han tatt med seg vidare, og interessa for historier har auka med åra. Sjølv om han alltid har vore medlem i Etne sogelag, er det dei siste ti åra han har vore med i sjølve arbeidet. Nokre av åra som leiar i laget. I løpet av sine 82 år har han budd seks forskjellige stader, han har drive to gardar, vore ordførar, og jobba over 50 år med maskinar som har hatt oppdrag i ei eller anna form, på så og seie alle gardane i heile kommunen. Einride har dermed fått eit stort kontaktnett, og blitt servert mang ei historie som er lagra i hjernebarken.
— Kva er di sterkaste side?
— Eg er flink til å utsetja ting, og det ser eg på som ein god eigenskap.