Styremedlemmene Marianne Cederløv (f.v.), Unn Vølstad, Rannveig Hetland og Thomas Alvseike i Vindafjord Montessoriskuel AS og nokre potensielle framtidige montessoriungar.
ARKIV/PRIVAT
Godt fornøgde med søkartal til ny skule
— Sjølv om fristen no er gått ut, er det framleis
eit fåtal plassar igjen om nokon ønskjer ein litt annleis, men god og trygg
skulekvardag, seier styreleiar Thomas Alvseike i Vindafjord Montessoriskule AS.
Styret hadde håpa på over
20 søkjarar, så dei er veldig godt fornøgde med 29 i sitt første år. Skulen
skal ha elevar frå første til og med sjuande klasse.
Folk på Bjoa er godt i
gang med dugnadsarbeidet som krevst for at bygget skal vere godt nok for
skuledrift. Alvseike fortel at det er dugnad på bygget om lag kvar dag, og
mykje er alt blitt gjort, slik at dei held seg relativt godt til tidsplanen,
som legg opp til oppstart ved skuleåret 2026/2027. Hittil har det vore mykje
riving, men oppbygginga startar denne veka.