Inspirert av skuletaparen som blei ein vinnar
Elevane ved Ølen vidaregåande er i gang med ei nytt skuleår. For mange var starten det gjensyn med gamle skulevenner, og for alle nye førsteklassingar var det første skuledag i ein heilt ny epoke av livet. For å motivera elevane var dansar og foredragshaldar Daniel Grindeland invitert til Ølen. Kan hende nokon drar kjensel på han, for han kom på andreplass i 2014-utgåva av Norske Talenter. Daniel Grindeland har eit stort talent innan breakdance, og siktar mot OL i 2024, som for første gong har breakdance som ei eiga grein i dei olympiske leikane.
73 merknader før jul
Men 27-åringen er ikkje berre ein dansar, han er ein gut som ein gong i tida var ein stor skuletapar, ei stigmatisert urokråke. Ein gut som alle visste namnet på når nytt skuleår skulle starta. En gut som alltid var på kollisjonskurs med lærarane, som hadde klyppekort til rektor sitt kontor og 73 merknadar for dårleg oppførsel mellom august og desember. Ein gut som var overbevist om at lærarane hadde rett: Han var håplaus.