Egil Larsen er innsett som sokneprest i Skånevik. Her blir han nok verande til han går av med pensjon.
Egil Larsen er innsett som sokneprest i Skånevik. Her blir han nok verande til han går av med pensjon.

Innsett som sokneprest

Etter eit par år som fungerande sokneprest i Skånevik, blei Egil Larsen formelt innsett som sokneprest under gudstenesta søndag. Han overtar dermed etter Stein Ove Skadal som slutta i 2019.

Publisert Sist oppdatert

Egil Larsen er busett i Trovågfeltet i Vikebygd, og pendlar til Skånevik på jobb. Søndag blei han innsett som sokneprest ved at tilsetjingsbrevet hans blei lest opp, og prosten leia forbønshandlinga under gudstenesta.

Prest i 40 år

Rett over nyttår er det 40 år sidan 65 år gale Larsen blei ordinert til prest, og i løpet av desse åra har han jobba både som vikarprest i Stavanger, områdeprest i Madla leir, vikarprest i Stavanger bispedøme, han har jobba eitt år i Det norske misjonsselskap, før han blei innsett som sokneprest i Odda, og blei der i ti år.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS