Det blir neppe noko ekstra busstilbod frå Etne til Skånevik for å kompensere for at Ølensambandet blir lagt ned. Arkivfoto
Innfører nye rabattar for Skyss-passasjerar
— Dei siste åra har det vore ei endring i reisevanane våre. Mange har varierande kvardagar, og reiser ikkje så ofte at det lønner seg med periodebillett. For å prøve å møte desse behova og å gjere det enklare å la bilen stå, kjem det no ei rabattordning også for dei som reiser av og til, opplyser Skyss i ei pressemelding.
Gode tilbakemeldingar
Reiserabatt har vore gjennom ei prøveordning med 1000 reisande i sone A i Vestland fylke, då under namnet fleksibel billett. Etter svært gode tilbakemeldingar frå testpanelet har fylkestinget vedteke å innføre reiserabatt, i tillegg til å utvide tilbodet til å gjelde alle soner.