Arkivfoto. Jon Edvardsen
Deler ut 27,7 millionar til mjølkebønder i Etne og Vindafjord
Av dei 1,7 milliardane går 210 millionar kroner til bønder i Vestland og 255 millionar til bønder i Rogaland, i form av etterbetaling. Det melder Tine i ei pressemelding torsdag.
I Etne kommune leverte 37 produsentar 6 863 724 liter mjølk i 2025. Sum etterbetaling til mjølkebøndene blir 8 236 469 kroner, noko som tilsvarar 222 607 kroner per produsent. I Vindafjord kommune leverte 84 produsentar 16 238 098 liter mjølk i fjor, med ei samla etterbetaling på 19 485 718 kroner, eller 231 973 kroner per produsent.
— Eit godt resultat for TINE er òg eit sterkt bidrag til norsk matberedskap i ei uroleg tid, seier konsernsjef Ann-Beth Freuchen i pressemeldninga.