Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Skånevikvegen 4 i Skånevik sentrum er for sal.

Sentralt bygg for sal

Publisert

    Huset har heilt sidan 1940 vore eit kombinert bustad- og næringsbygg. Nils Åsheim var då seks år gamal, men ved årsskiftet flytta han til Etne i leilighet. 

    — Eg har mine tankar om å flytta frå barndomsbygda, men det er ikkje så langt og så blir eg nærare dei fleste av etterkomarane mine når eg bur i Etne, seier Åsheim. 

    Produksjon og butikk

    Åsheim har ikkje budd heile sitt liv i Skånevik. Faren dreiv kjøtvareforretning i bygget som no ligg ute for sal. Det blei naturleg at han skulle overta slakteriet og butikken etter faren, noko han gjorde då han hadde realskule, handelsgymnas og befalskule bak seg.

    — Me kjem frå garden Åsheim høgt over bygda innover bak kyrkja. Far min Ingebrigt hadde vore til sjøs og var interessert i slaktarbransjen. Ein gong han skulle levera ein vèr for far sin, fekk han ikkje levert dyret lokalt hos dei to dåverande slaktarane. Dette gjorde at han fekk tankar om sjølv å byrja å slakta, og han etablerte eit lite slakteri, seier sonen.­

    Slik blei etter kvart det tredje slakteriet i bygda etablert, men Ingebrigt Åsheim gjorde først det same på Karmøy. Nils Åsheim fortel at faren aldri likte seg på Karmøy, og sjølv om mora var frå Haugesund flytta familien til Skånevik nærare fjell og skog. Dei første månadane tilbake i Skånevik pendla faktisk Ingebrigt Åsheim til Kopervik på sykkel, men slakteriverksemda var etablert og huset som no blir selt var under bygging.

    Dette var i tida rundt krigsutbrotet, men det var likevel rom for å driva handel.

    — Rett nok var det rasjonering, men me fekk tildelt kjøt nok til å driva forretningsmessig forsvarleg, seier Åsheim, som òg seier at overskotskjøt måtte dei levera frå seg til Bergen. 

    Etter krigen la den eine slaktaren ned drifta, så i oppbyggingsåra var dei to som konkurrerte. Åsheim henta slaktedyr i Etne, Åkrafjorden, Utåker, Halsnøy og Fjelberg. Av slaktet produserte dei ulike kjøttprodukt og spekemat. 

Leigeavtalen til den noverande blome- og interiørbutikken på gateplanet er ein del av eigedomssalet no.

Powered by Labrador CMS