Tettare på
Inger Mari (68) ser» det ingen andre ser
Det er i midten av januar og det siste døgeret har snøen lava ned. Og ikkje berre litt snø, men nesten meir enn det som er handterbart for dei som har ansvaret for å rydda vegane. Snøen står til langt oppover veggane på hus og bygningar, og haugane med rydda snø ligg som svære fjell i landskapet. Lite veit me om kva som ventar oss om nokre dagar. Då skal nasjonale nyheiter vera prega av flaumar, holkeføre og overflatevatn på ville vegar i heile Sør-Noreg. Eller forresten… Det kan hende det er ei som veit, utan at ho røper noko av den grunn. Inger Mari Stråbø Melkeraaen veit nemleg meir enn dei fleste, for ho er klarsynt. Ho kan sjå det ingen andre ser, både framover og bakover i tid, og ho kan få kontakt med dei på den andre sida» som gjerne pratar med henne, eller overleverer beskjedar både til henne sjølv og andre. Men dette fortel ho ikkje til nokon – så sant ingen spør.
— Det eg jobbar mest med er å ta i mot folk her i heimen min, og hjelpa dei med utfordringar dei har, seier 68-åringen.
Det kan vera ein vond fot, ein vrang rygg, eksem, migrene, barn med skulevegring, konsentrasjonsproblem eller kva det enn måtte vera. Ho får også mange telefonar i veka frå folk som saknar ting eller ønskjer hjelp på anna vis. Sjølv om Inger Mari aldri har gjort noko for å promotera seg sjølv, har jungeltelegrafen, samt noko pressedekning gjort at mange i Noreg veit kven ho er likevel. Interessa frå media har vore større enn ho har hatt interesse av, og ho har takka nei til fleire vekeblad-intervju og tv-program som vil ha henne med.