Pukkellaksen er på lista over arter som ikkje er ynskte i Noreg.
Foto: Henrik H. Berntsen / NINA / NTB / NPK
Ingen tiltak mot pukkellaks i år
– I verste fall kan det smelle til i 2022, men vi har ikkje tru på det, seier ferskvassbiolog Rune Muladal, dagleg leiar i Naturtenester Nord. Han opplyser at pukkellaksen har ein toårleg livssyklus, og at han derfor ikkje trur det skjer så mykje i år.
Det ser verre ut for 2023. Då ventar han ein enorm invasjon av pukkellaksen, som har vist seg å spreie seg mest i oddetalsår.
Miljødirektoratet meiner alle tal peikar mot at det blir svært lite pukkellaks til sommaren, og at dei av den grunn ikkje har lagt planar om aktive tiltak for å fiske ut den omstridde arta i år. Direktoratet opplyser at det vart fanga 40.000 pukkellaks i 2021, mot 205 i 2020.