Generelt
* Arrangement og private samlingar på 17. mai må følgje dei til kvar tid gjeldande nasjonale, regionale og lokale føresegnene og tilrådingane som gjeld.
* Gjennomfør helst arrangementa ute, eller digitalt der ein ikkje kan ha arrangement.
* Sjuke personar må halde seg heime.
* Alle må utvise god hand- og hostehygiene og godt reinhald.
* Arrangørar og deltakarar må sikre anbefalt avstand mellom personar som ikkje tilhøyrer same husstand og avgrense talet på kontaktar.
* Arrangement bør unngå å samle personar frå ulike nærmiljø eller lokalsamfunn.
* Unngå bruk av kollektivtransport.
Tog, korps og kor
* 17. mai-tog blir sett på som eit arrangement og må følgje dei gjeldande nasjonale og eventuelle lokale arrangementsreglar.
* Det er tilrådd å avlyse større barne- og borgartog som samlar personar frå ulike kommunar/område.
* Det kan gjennomførast 17. mai-tog i område som ikkje har forbod mot arrangement. Det bør då avgrensast til deltakarar innan same lokalsamfunn/nærmiljø.
* Barn som tilhøyrer same kohort i barnehage eller barneskule, kan gå saman i barnetog utan avstandsreglar. Det bør vere god avstand mellom kohortane.
* Avgrens talet på føresette som følgjer barnetog så langt det lèt seg gjere.
* Arrangør må sikre at det ikkje blir trengsel før, under og etter 17. mai-tog. Folk som ikkje er i same kohort eller husstand, må kunne halde minst ein meter avstand heile tida.
* Korpsøvingar kan gjennomførast utan å komme innunder arrangementsdefinisjonen. I kommunar der det ikkje er tillate med arrangement, kan korps og kor som normalt øver saman, framføre musikk eller marsjere i gatene utan at det blir annonsert på førehand slik at ein unngår samlingar av publikum.
* For kor- og korpsøvingar i forkant av 17. mai må dei gjeldande nasjonale eller lokale føresegner og tilrådingar for organiserte fritidsaktivitetar følgjast.
* Kommunen bør oppmode befolkninga om å sjå 17. mai-toget frå eigen hage/balkong, og viss nødvendig, setje i verk tiltak for å hindre at mange menneske samlast langs togruta.
* Det er akseptabelt å ha tog» med køyretøy så lenge det blir halde tilrådd avstand. Vurdering av tryggleik blir overlaten til politiet.
Arrangement for barn
* Både barn og vaksne skal teljast i berekninga av kor mange ein er.
* Bør gjennomførast i nærmiljøet.
* Blir gjennomført utandørs der det er mogleg.
* Avgrens talet på føresette til dei som er nødvendig for å gjennomføre aktiviteten, eller til til dømes éin føresett per barn.
* Barn frå same kohort i barnehage eller barneskule kan omgåast utan avstandsreglar. Andre, unnateke husstandsmedlemmer, må halde minst éin meters avstand.
* Arrangør må sørgje for tiltak for å unngå trengsel, til dømes ved matservering, arrangering av leikar etc.
Russen
* Russen må følgje gjeldande reglar og tilrådingar for arrangement og private samlingar.
* Russen bør samlast utandørs.
* Det blir tilrådd å avgrense talet på personar ein har tett kontakt med.
* FHI vil utarbeide eigne og meir detaljerte råd for russen når det nærmar seg russetid.
Arrangement på sjukeheimar
* Det bør leggjast til rette for besøk. Det bør ikkje lettast på råd trass markeringa. Gjeldande råd gjeld.
* Det bør leggjast til rette for at 17. mai-tog eller anna markering kan sjåast frå hagar eller terrassar/balkongar. (NPK)