Ingen lokale godbitar
Vegprosjekt i verken Vindafjord eller Etne har fått noko særskilde løyvingar, medan Statsbudsjettet har sett […]
Vegprosjekt i verken Vindafjord eller Etne har fått noko særskilde løyvingar, medan Statsbudsjettet har sett av ei samla investeringsramme på 131,5 millionar kroner til E134 Drammen- Haugesund med tilknytingar».
Medan 20 av desse millionane er bompengemidlar, er 111,5 millionar statlege løyvingar. Midlane skal i hovudsak bli nytta til mindre utbetringar og trafikktryggingstiltak, heiter det i pressemeldinga frå Samferdselsdepartementet.
Den reelle auken er førebels ikkje konkretisert, men kommunane i Hordaland og Rogaland får anslagsvis ein samla nominell vekst på høvesvis 4,2 og 3,8 prosent.
I Vindafjord er det ei vekst på 5,5 prosent som utgjer 17,5 millionar i nominell auke, medan det i Etne utgjer 8,7 millionar og 5,7 prosent i auke.
Les meir om Statsbudsjettet i torsdagsutgåva av Grannar