I fleire elver i Grannar-distriktet er det fanga oppdrettslaks denne hausten, men styresmaktene har ikkje svar på kor all fisken kjem frå.
Ilustrasjonsfoto: Arne Frøkedal
Ingen har tatt ansvaret
Fiskeridirektoratet har så langt ikkje fått inn nye meldingar frå oppdrettsselskap om rømmingar trass i at det er fanga oppdrettslaks både i Etneelva og ei rekkje elever i Ryfylke, inkludert Vindafjord.
I Rogaland er det berre Mowi som har rapportert om ei mindre rømming 13. september. Det gjeld anlegget på Ringja i Tysvær, på vestsida av Vindafjorden. Fisken frå denne samsvarer ikkje med all anna oppdrettslaks som er fanga i fjord og elver.
— Me har gitt Mowi pålegg om miljøovervaking av tre vassdrag etter denne hendinga. Det gjeld Vikedalselva, Rødneelva og Åmselva. Det er totalt fanga over 80 oppdrettslaks i desse vassdraga i løpet av dei siste vekene. Hovuddelen av fiskene er i storleik 1 – 3 kilo, opplyste Fiskeridirektoratet i ei melding 21. oktober.