Andreas Grumheden (t.v.) la fram endringsforslag i Skakke-saka på vegner av fem parti i formannskapet. Her fekk han fleirtal over kommunedirektør Filippo Ballarin sitt forslag om å overta bygget. Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim banka gjennom forslaget.
Foto: Grethe Hopand Ravn
Ikkje løysing for Skakke – heilt enno
Formannskapet tysdag kunne ikkje røysta for kommunedirektør sitt forslag om å oveta heile Skakke-bygget. — Me treng meir tid, sa politikarane.
I kommunedirektør Filippo Ballarin sitt forlag til vedtak for framtida til Skakke var det forslag 4 – av fire – han landa på som det beste. I dette forslaget ville kommunedirektøren då presentera forslaget for styret i Skakke SA for vidare behandling, og få fullmakt til å forhandla fram ein avtale, samt utforma ein meir detaljert modell basert på fleire forskjellige punkt. Mellom anna er det viktig å ta godt vare på både dugnadsinnsatsen og det frivillige arbeidet knytt til huset. Aktivitetane på huset skal også vernast om, og alle eigarane skal involverast i prosessen og overgangen til ny modell.
Andreas Grumheden (Ap) la fram eit alternativt forslag på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet.
— Det er ingen tvil om kor viktig Skakke er, og det er gledeleg å høyra at kommunedirektøren og dei andre partia er einige om det. Då kan eit samla formannskap jobba vidare for å finna eit best mogleg alternativ for vidare drift, sa Grumheden.