Slik såg det ut ved Midtlæger på Haukeli like før klokka 14 måndag. Komande natt kan det kome 15 centimeter snø i området.
FOTO: STATENS VEGVESEN/WEBCAM
I natt kjem du ikkje over Haukeli utan vinterdekk
Meteorologisk institutt melder dårleg vær for Haukelifjell natt til tysdag.
Både vind og inntil 15 centimeter snø er venta i området.
— Med eit slik vêrvarsel seier det seg sjølv at bilistar som skal over fjellet må ha vinterdekk, seier byggeleiar Ingar Reinskås i Statens Vegvesen i ei pressemelding.