Sofie Helene Fresvik håpar å kunne besøke faren med båten frå Bergen også i framtida.
FOTO: Privat
I mål med båtprotest i to fylke
— Eg er utruleg stolt av ho, seier Audun Haddal.
Haddal starta eit innbyggjarinitiativ mot nedlegginga for innbyggjarar i Vestland fylkeskommune. I initiativet skriv han at han gjorde dette på grunn av engasjementet til dottera, som skreiv eit lesarinnlegg i Grannar.
— Ho nekta å gje seg utan kamp! Inspirert av dottera mi ønskjer eg no å gjera det same, skriv Haddal.
Sofie Helene Fresvik (10) sitt lesarinnlegg:
Få veker igjen
Ølensambandet har gjort det mogleg for Sofie Helene Fresvik (10), som bur i Ølen, å besøkje faren i Bergen annakvar helg. Politiske vedtak på fylkesnivå i Vestland og Rogaland gjer at det no ser ut til at det berre er nokre veker til snøggbåten til Bergen og Sunnhordland sluttar å vere innom Ølen, så vel som Utbjoa. Vestland sitt kollektivselskap Skyss driv sambandet, men Rogaland har betalt for at båten skal stoppe i fylket.
På nettsida si skriv Skyss at det frå 1. juli blir ruteendringar på Sunnhordlandsruta. Blant anna står det at Ølen og Utbjoa ikkje lenger blir trafikkerte, og at reisande frå desse områda må vurdere alternative reiseruter.