Hugs å stilla klokka i helga
Fram eller tilbake? Spørsmålet dukkar opp kvar haust og vår då me går over vinter- og sommartid. Men snart blir det slutt på stillinga.
Svaret denne gongen er: Natt til sundag 27. oktober skal du stilla klokka éin time tilbake.
— Mange lurer også på om det snart blir slutt på å stilla klokka. Det blir det altså førebels ikkje, me må venta til EU har behandla ferdig saka. Så skal me henta inn innspel på korleis me skal gjera det her i Noreg, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
Kva skjer i EU?
Til liks med EU har Noreg stilt klokka lenge. Europakommisjonen foreslo i fjor haust at me skal slutta å stilla klokka fram og tilbake kvar halvår.
— Å stilla klokka vekkjer engasjement hos veldig mange. Noreg er i gang med å vurdera kva me skal gjera og me planlegg å sende ut dette på høyring om ikkje altfor lenge, seier næringsministeren.
Europaparlamentet stemte over forslaget 26. mars i år og legg opp til at ei eventuell endring vil skje i 2021. Det pågår fortsatt diskusjonar i Rådet. Målet er at EU-landa skal bli einige i byrjinga av desember.
Kva er hugseregelen for stillinga av klokka?
Næringsministeren har ansvar for Justervesenet og dermed også ansvar for nøyaktig tid. Ein grei hugseregel er at klokka alltid skal stillast mot næraste sommar. Altså éin time fram om våren (mot sommaren) og éin time tilbake om hausten (mot sommaren).
Det betyr at me får ein ekstra time komande helg.
I praksis skjer dette kl 03.00, men utan at du treng vera vaken for å få dette gjort!