Vindafjord-budsjettet
— Høyrer ekko frå to år sidan
— Eg har følt meg handlingslamma i saka, seier Monica Nesheim (Sp) etter eit formannskapsmøte tysdag.
Sp vedtok saman med KrF og Ap eit budsjettforslag om å leggje ned skulen på Bjoa og barnehagen og skulen i Imsland under formannskapsmøtet 26. november. Desse partia har fleirtal i kommunestyret med 13 representantar og inngjekk ein avtale om budsjettsamarbeid etter valet i 2023.
Kom raskt igjen
Sidan fleirtalsbudsjettet blei presentert, har fleire i ulike roller i Vindafjord Sp gått hardt ut mot kommunestyregruppa si avgjerd. For Nesheim har det vore krevjande å lande der ho gjorde, men ho føler ikkje at det var nokon veg utanom.
I arbeidet med budsjettet var det viktig for Nesheim å få til ei løysing det kunne bli fleirtal for. Ho fortel at det blei klart ganske tidleg for ho at det ikkje ville la seg gjere å få fleirtal for å behalde skulane. Dermed retta ho fokuset mot avbøtande tiltak. Fleirtalskoalisjonen listar opp åtte punkt (sjå faktaboks) med avbøtande tiltak i sitt budsjettforslag. Dei går mellom anna ut på å få ein best mogleg prosess, skuleskyss og etterbruk av bygningane.
Spurt om si eiga rolle som skuleforkjempar i 2022 kontra politikar i 2024, fortel ho at ho framleis er like mykje for skulebruksplanen som blei vedteken den gongen. Ho er ærleg om at ansvar tyngar, og at argumenta ho kjempa mot har blitt aktualiserte i budsjettrunden i år. Desse argumenta er mangel på pengar til å halde fram som før, låge fødselstal og stadig fleire eldre.
— Eg høyrer ekko frå tida om skulebruksplanen. Då blei det sagt at spørsmålet kjem igjen. Det blei sagt at når me ikkje gjer strukturendringar i samband med ein skulebruksplan, vil det dukke opp i budsjett. No har det skjedd, og det allereie to år etter at me trudde saka var lukka for i alle fall ein periode til, seier Nesheim.
Helse et opp millionløft
Budsjettarbeidet til dei politiske partia byggjer på kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt budsjettforslag, som blei presentert 29. oktober. På ein pressekonferanse 1. november presenterte kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) og arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) at regjeringa foreslår å auke løyvingane til kommunane og fylkeskommunane med fem milliardar kroner i inneverande år og fem milliardar kroner i 2025.
For Vindafjord sin del blir rammetilskotet auka med rett over 6,95 millionar. Dette svarar nesten til heile innsparinga på 8,262 millionar i året frå første fulle år i 2026 for å leggje ned skulen på Bjoa og barnehagen og skulen i Imsland. Nesheim ser ikkje høve til å bruke desse pengane til å redde skulane.
— Me hadde eigentleg ikkje nok pengar til helse, seier Sp-politikaren, som meiner at helsesektoren var underbudsjettert i kommunedirektøren sitt forslag.
Helsesektoren har vore ein gjengangar på toppen av budsjettsprekk-lista til kommunen dei siste åra. Vindafjord kommune går mot eit meirforbruk på 19,3 millionar kroner i 2024. Cirka 16 millionar av dette er innan helse og omsorg. Dette kjem fram i 2. tertialrapport, som omhandlar perioden mai til august.
I sitt budsjettforslag styrkar fleirtalskoalisjonen helse og omsorg med 1,5 millionar i forhold til Folven Bergesen sitt forslag, slik at institusjonsdrifta kan gå i balanse.