Bilde av konstituert konserndirektør for Nett, Christian Færø, tatt i Ladepunktetpå Statnetts hovedkontor.
Høg aktivitet i Blåfalli-Gismarvik: Statnett legg grunnlaget for framtidig kraftvekst
Statnett har oppdatert områdeplanen for Bergensområdet og Haugalandet, og fleire prosjekt er no i gang for å møte auka straumforbruk og kraftproduksjon i regionen.
Eit sentralt prosjekt er bygginga av kraftforbindelsen mellom Blåfalli og Gismarvik, som startar på nyåret. Denne linja vil spele ei nøkkelrolle for å styrke straumnettet i Haugalandet. No er Statnett ute med ein oppdatert områdeplan, som kan lesast her.
Regionane Bergen og Haugalandet har allereie eit høgt straumforbruk, og framtidige planar viser at forbruket berre vil auke. Statnett har reservert 1200 megawatt til elektrifisering og industrialisering i området, noko som svarar til omtrent heile dagens straumforbruk i Haugalandet eller halve maksforbruket i Bergensområdet. Men all kapasitet i det eksisterande transmisjonsnettet er oppteken, og utbyggingar som Blåfalli-Gismarvik er nødvendige for å auke kapasiteten.
– Sambandet mellom Blåfalli og Gismarvik er heilt sentral for å leggje til rette for ny industri og auka kraftforbruk. Det er viktig at me held fram med å byggje ut meir nett for at regionane skal vekse, seier Christian Færø, konstituert konserndirektør for Nett i Statnett.