Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Hjerteslag er ei rockegruppe frå Bergen som vil spela på scenen til Skånevik bluesfestival i juli til neste år. Pressefoto
Hjerteslag er ei rockegruppe frå Bergen som vil spela på scenen til Skånevik bluesfestival i juli til neste år. Pressefoto

Hjerteslag kjem til Skånevik

Publisert Sist oppdatert

Heldigvis dukkar det opp band som tar rock n´ roll sjangeren vidare. Gruppa Hjerteslag haustar stor suksess med sine norske tekstar og får fantastiske kritikkar for platene sine. Med svært publikumsvennlege livekonsertar, er dei som skapt for Skånevik Bluesfestival og arenateltet fredag 5. juli.

Rockeband for heile landet

Bandet har sine røter i Bergen, men har sidan 2011 etablert seg som eit rockeband for heile landet. Hjerteslag, som består av Robert Eidevik, Nikolas Jon Aarland, Ole Andre Hjelmås, Torjus Raknes og Petter Sætre, blei i 2016 nominert til Spellemannsprisen i klassen Rock med albumet Vannmann86. Albumet ble unisont hylla av eit samla norsk pressekorps og med Sang Til Sonja» dominerte dei norske radiobølgjer. 9. november sleppte Hjerteslag sitt tredje album i rekka, Nattseileren, til femmarar og seksarar på terningen frå både Aftenposten, Dagsavisen og Gaffa. Dette er forteljinga om ulike lagnader som alle ønskjer å bryta med det typisk norske fengselet dei er ein del av. Det er ei plate i opposisjon og har eit nyromantisk språk i eit velprodusert poprock-landskap, fylt av gode refreng og dystopiske verselinjer. Nattseileren er ei ærleg og ikkje-pompøs plate som er blotta for abstrakt svada og svevande slumpar.

Powered by Labrador CMS