Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Marta Majer, Dennis Sirnes og Elene Tronstad har saman med resten av elevane frå valfag redesign ved Skånevik skule dekorert deler av Kjærlighetsstien.

Hjartevarm kunst langs populær tursti

Publisert

— Me har jobba med dette prosjektet i skuletimane. Det har vore litt jobb, men det har vore veldig kjekt, seier Marta Majer, Dennis Sirnes og Elene Tronstad.

Dei tre 14-åringane har saman med resten av elevane i sjuande til tiande klasse ved valfagslinja redesign ved Skånevik skule, dekorert små steinar, treskilt og lykter med hjarteforma kunst. Dei ferdige kunstverka har dei plassert langs deler av den idylliske Kjærlighetsstien. Treskilta er måla i ein knallraud farge og påført nokre få hjartevarmende ord. Steinane er dekorert i ulike fargar med små hjarte som hovudmotiv.

Kjærlighetsstien i Skånevik er rundt tre kilometer lang og snor seg gjennom vakker natur. Kunstprosjektet har fått plass langs deler av løypa. Ei raudmåla hjarteforma skilt med teksten Me vandrar samen markerer starten av stien mot vest og eit par hundre meter lenger borte står eit nytt skilt som viser kor stien endar.

Powered by Labrador CMS