Helikoptertenesta sette rekord i talet på redningsoppdrag i fjor. I 2023 rykte dei ut til 1774 oppdrag, ifølgje Luftforsvaret. Foto Beate Oma Dahle / NTB/NPK
Helikoptertenesta hadde rekordmange oppdrag i fjor
FotoTalet på oppdrag auka frå 1756 i 2022 til 1774 i fjor, ifølgje Luftforsvarets årsrapport om redningshelikoptertenesta (RHT), skriv Nationen. Oppdraget i fjor fordelte seg mellom 715 søk og 1059 ambulanseoppdrag.
Særleg to oppdrag blir trekte fram: leiteaksjonen etter sjuåringen Torjus Seland, som vart funnen omkommen i skogen i oktober i fjor, og oppdrag i samband med ekstremvêret Hans.
Totalt gjennomførte tenesta 2177 timar på oppdrag. Det utgjer 53,7 prosent av alle flytimar, medan om lag 40 prosent av flytida gjekk til eigentrening og utsjekk av nye besetningsmedlemmer. Resten av flytida gjekk til testing på skvadronen og hos Forsvarsmateriell, kjem det fram i rapporten.