Sparebankstiftinga i Etne: F.v: dagleg leiar Rune Ramsvik, styreleiar Frode Robberstad, leiar i generalforsamlinga Asbjørn Moe.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Skakke-saka
Heitt folkemøte på Skakke: – Stiftinga får stryk
Møtet som blei leia av dagleg leiar Rune Ramsvik, styreleiar Frode Robberstad og leiar for generalforsamlinga Asbjørn Moe, hadde til intensjon å forklara kvifor dei meiner Etne kommune må redusera eigarskapen dersom idrettshallen skal organiserast i eit nytt, ideelt aksjeselskap. Før sjølve debatten tok til, tok dagleg leiar i Sparebankstiftinga, Rune Ramsvik, ordet for å gi ei historisk innramming av Skakke. På storskjerm presenterte han ei tidslinje frå 1979, då det første samfunnshuset blei etablert, via kommunestyrevedtaket i 2009 og ferdigstillinga av huset i 2012, til omdanninga til samvirkeforetak i 2014.
Han minna salen om at Skakke sidan oppstarten hadde vore eit spleiselag mellom lag, foreiningar og kommunen:
— Dette huset har heile tida vore bygd på fellesskap. No ønskjer me å bidra til å trygga framtida for Skakke, men me må finna ein modell som held juridisk, sa Ramsvik.
Han viste òg til dei siste åra, med straum- og renteauke som har pressa økonomien:
– Difor har me spurt oss: Kva skal til for å sikra Skakke dei neste 40 åra?