Heimelaga trerettars middag på matglededagen
Feiringa av matglededagen blei ifølgje leiar på dagsenter for eldre, Marie Ekornrud ein suksess også i år. Trass både koronapandemi og smittevernreglar, blei arrangementet både på Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet i Vats ei god stund med god mat for den eldre garde av vindafjordingane.
— Kjøkenet har gjort ein flott innsats med nydeleg mat. Me får alltid så god mat her, seier Solveig Golf.
Marie Ekornrund kan også fortelja at eit slikt arrangement har dei eldre lyst til å vera med på oftare enn berre ein gong i året.