Statsminister Jonas Gahr Støre står i ein utsett posisjon som partileiar, ifølgje fleire medium Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Statsminister Jonas Gahr Støre står i ein utsett posisjon som partileiar, ifølgje fleire medium

Heftig Ap-diskusjon om leiarskifte: – Det trengst ei endring

Fleire medium skriv måndag om kraftige diskusjonar i Arbeidarpartiet om Jonas Gahr Støres framtid. Stortingsrepresentant Stein Erik Lauvås ber han trekkje seg.

Publisert Sist oppdatert
Både TV 2 , Dagbladet og NRK viser til anonyme kjelder høgt oppe i partiet som ønskjer nye krefter i partileiinga.

Østfold-representanten Stein Erik Lauvås uttaler seg ope til Aftenposten :

– Vi har sett ei utvikling over tid der det har gått nedover, det er eit faktum. Eg har stor respekt for Jonas og den jobben han har stått i i mange år. Men når alt kjem til alt, meiner eg vi er der no at det er nødvendig med eit leiarskifte, og at Støre trekkjer seg, seier han til Aftenposten, og held fram:

– Heilskapen teke i betraktning trur eg det vil vere bra med eit skifte også organisatorisk, og eg meiner det vil vere nødvendig at også Stenseng trekkjer seg, seier han.

Støre ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NTB måndag. Aftenposten har også vore i kontakt med partisekretær Kjersti Stenseng, men heller ikkje ho ønskjer å gi nokon kommentar.

– Før landsmøtet

NRK har snakka med ei rekke sentrale kjelder i partiet, som stadfestar at det går føre seg samtalar om Støres leiing. Fleire av dei meiner Støre bør gå av allereie i vinter – før landsmøtet i april.

Stortingspolitikar May Britt Lagesen uttalte seg til NRK i helga, i samband med nominasjonen av Trond Giske.

– Eg er samd i at vi må gjere endringar i partileiinga. Vi må ha fornying. Og vi må ha fornying også i partileiinga, sa ho til kanalen.

Lokallagsleiar Jens Christian Vik i Sandefjord Ap går i TV 2 også ope ut og ber Støre om å gå av.

– Ingen kommentar

Utviklinga rundt leiaren for Arbeidarpartiet har skjedd dei siste to vekene, ifølgje TV 2. Fylkesleiarar og ei rekke medlemmer av sentralstyret skal ha løpande kontakt. Fleire kjelder opplyser ifølgje kanalen at dei planlegg avgangen til Jonas Gahr Støre som partileiar og statsminister.

Sjølv er han på reise i Finnmark og ønskjer ikkje å kommentere TV 2s opplysningar.

– Eg har ingen kommentar til det. Eg synest det er heilt feil å kommentere den typen spørsmål som eg får referert på den måten når eg er her på jobb i Finnmark, seier han.

Ifølgje Dagbladets opplysningar skal statsministeren ha vorte utsett for hard kritikk frå omtrent alle dei store miljøa i partiet på eit møte allereie onsdag 6. november. Han skal då sjølv ha vore til stades.

– Altfor dårleg

På ei meiningsmåling gjort for TV 2 går Ap tilbake 1,2 prosentpoeng og endar på historisk svake 16,5 prosents oppslutning. Det er 8 prosentpoeng bak Frp. Endringa er likevel innanfor feilmarginen.

– Det er alt, altfor lågt. Det er veldig dårleg, kommenterte statsminister og partileiar Støre måndag formiddag.

Same kveld er han likevel meir optimistisk:

– Vi har fått dårlege målingar hos TV 2 i dag, og bodskapen min er at dei skal vi klare å snu, vi skal opp igjen. Pilene peikar på mange område i rett retning i Noreg no, og no må vi vise at politikken må bidra til det, og at vi skal klare det, seier han til TV 2.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS