Den visuelle kommunikasjonen mellom trioen er sterk.Foto: Grethe Hopland Ravn
Håvard Ersland trio under ein tidlegare konsert i Ølen.

Håvard Ersland Trio til Ølen

Sjøperlo Hall i Ølen byr på to konsertar torsdag torsdag 14. oktober, éin på føremiddagen og éin på kveldstid.

Publisert Sist oppdatert

Håvard Ersland Trio står på plakaten, eit band som spelar jazz for dei eldre på føremiddagstid. Konserten står på programmet til Den kulturelle spaserstokken og er gratis.

Trioen tar her fram gladjazz frå gamledagar. På kvelden framfører bandet med imslandbuen Håvard Ersland i spissen, jazzmusikk av høg kvalitet, med store mengder speleglede, lyriske komposisjonar og god stemning.

I tillegg til Ersland som pianist, består bandet av Stian Andreas Egeland Andersen på kontrabass og Axsel Skalstad på trommer. Duoen Håvard har med seg er ettertrakta frilandsmusikarar og er kjende frå band som Krokofant, Lassen og Baker Hansen. Trass sin unge alder er dei tre nærast telepatisk samspelte, heiter det i eit presseskriv – heile tida lyttande og søkande, og skapar med det nye og spennande konsertopplevingar på kvar konsert. Det er høg kvalitet på låt materialet trioen serverer, og komposisjonane vert krydra med lekre detaljar og eit stort musikalsk overskot, samt ein solid porsjon speleglede.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS