60-20 Hatteland-1
Konsernsjef Stig Hatteland. ARKIVFOTO

Hatteland-konsernet gjekk 250 millionar i minus

Etterverknader av korona, energikrise, krig og prisvekst er blant årsakene til at årsrekneskapen for 2022 enda med underskot, ifølgje konsernsjefen.

Publisert Sist oppdatert

— Det ser verre ut enn det eigentleg er. Ein kan eigentleg spørje seg om det er resultatet i fjor som er dårleg, eller om det var året før som var ekstra bra, seier Stig Hatteland, konsernsjef i Jakob Hatteland Holding AS, til Grannar.

Medan 2022-rekneskapen gjekk 250 millionar kroner i minus, viste tala frå 2021 eit overskot på vel éin milliard kroner. Det var i 2021 Autostore gjekk på børsen. Hatteland er det svingingane generelt i aksjeverdiane på børsen som utgjer dei store svingingane i årsresultatet.

— Resultatet for 2022 er prega av ein reduksjon i aksjeverdiane ved årsskiftet. Og her er det enkelte aksjar som påverkar meir enn andre. Status så langt i år viser at dette har teke seg inn igjen, seier Hatteland.

Han seier dei er heldige og står i ein situasjon der likviditeten er god.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS