Slik skal Nausthaugen barnehage sjå ut etter ombygginga. Illustrasjon: HOLON Arkitektur
Hatteland kjøper barnehage: — Det skal vere ein god og trygg stad for leik og læring
Hatteland Gruppen kjøper Nausthaugen Barnehage og sørger for at dei kan bygge for å ta imot alle barnehagebarna i Vats. I haust kjem den private barnehagen truleg også til å leige den kommunale barnehagen sine lokale i Øvre Vats.
Nausthaugen Barnehage ligg i Åmsosen og blir i dag drive av dagleg leiar Åshild Blikra, mens Hatteland eig bygget. Nå kjøper Hatteland barnehagen. Den blei opna i 1986 for å tilretteleggje for tilsette i Jakob Hatteland Elektronikk.
Held fram som leiar
I dag er det også ein kommunal barnehage i Øvre Vats, Vats barnehage. Kommunestyrevedtaket for skule- og barnehagebruksplan i 2022 slo fast at det i framtida berre bør vere éin barnehage i Vats, og at kommunen skulle gå i dialog med Nausthaugen barnehage for å avklare om ein barnehage i bygda skulle vere i kommunal eller privat regi.