Grannar-veksten held fram
Grannar held fram den positive utviklinga og kan vise til opplagsvekst i den siste målinga frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL).
Grannar hadde i andre halvår 2025 eit samla nettoopplag på 3.583, opp frå 3.472 i andre halvår 2024. Det er ein auke på 111 abonnement, tilsvarande rundt 3,2 prosent.
Veksten kjem særleg på den digitale sida. Talet på digitale abonnement har auka frå 1.022 til 1.365.
— Me er svært glade for at fleire vel å abonnere på Grannar. Det viser at lokal journalistikk framleis betyr mykje for folk, seier redaktør Ann Margit Grønstad.
Talet på reine papirabonnement gått ned frå 74 til 57. Grannar hadde i andre halvår i fjor 2.161 komplette abonnement, der abonnentane har tilgang til både papiravisa og den digitale utgåva. Det er ein nedgang på 215 frå sist måling.
Grønstad peikar på at utviklinga liknar den ein ser i resten av lokalavisbransjen.
— Fleire vel digitale abonnement, og det ser me også hos oss. Samstundes veit me at papiravisa betyr mykje for mange lesarar, og ho står framleis sterkt i lokalsamfunnet, seier Grønstad.
11 prosent vekst for LLA-avisene
Dei ferske opplagstala frå MBL viser at lokalavisene har eit godt fotfeste.
LLA har 130 medlemsaviser, og den samla digitale veksten for desse avisene er over 11 prosent. Det totale opplaget til medlemsavisene aukar med rundt éin prosent samanlikna med førre måling.
— Nok ein gong ser me at lokalavisene lagar spennande journalistikk som svært mange vil betale for. Dei fine opplagstala viser at folk set stor pris på lokal, redaktørstyrt og uavhengig journalistikk frå eigen kvardag og nærmiljø, kanskje særleg når det er urolege tider ute i verda, seier generalsekretær i LLA, Tomas Bruvik.