Har skapt den reine pengemaskinen
Robotselskapet Autostore AS passerte milliarden i omsetning med god margin i 2018. Veksten var på 79 prosent og resultatet før skatt var på formidable 557 millionar.
Det er ikkje utan grunn at det amerikanske investeringsfondet THL prisa suksessbedrifta i Åmsosen til rundt 16 milliardar kroner og overtok selskapet tidlegare i år. Autostore AS er inne i ein kraftig vekst, har solide marginar og lanserer nye produkt som vil ta bedrifta vidare opp og fram på den internasjonale arenaen.
Det har skjedd mykje rundt Autostore i Nedre Vats dei siste åra. I januar 2017 selde Jakob Hatteland selskapet, med sitt patenterte system for automatisk handtering av store lager, for ein sum som prisa selskapet til rundt fire milliardar. Dei ferske eigarane har sjølvsagt store forventningar til solid avkastning for pengane dei har lagt på bordet.
Dagleg leiar Karl Johan Lier har følgt med på båe eigarskifta og forventar at THL har store krav til utvikling og lønsemd også i komande år.