Samlemanien starta ved ein slump. Som liten gut var han nede ved sjøen ein dag.
— Då rek det i land eit radiorøyr frå ein båt. Det syntest eg var spanande så eg tok det med heim, fortel Sverre Molnes og viser fram det gamle radiorøyret som han fann i fjøresteinane for mange år sidan.
Det spanande funnet danna grunnlag for ei livslang interesse som eit heilt liv seinare har resultert i ei imponerande samling gamle radioapparat, bandopptakarar, platespelarar, høgtalarar, gamle LP-plater, magnetband og diverse elektroniske komponentar. Så stor er samlinga blitt at den gamle grindløa på garden måtte byggjast om for å gje plass til alle dei ulike apparata.