Eit lys er tent for den omkome på Movegen i Vikedal.
Foto: Arne Frøkedal
Har frigitt namnet på den omkomne
Eit lys i vegkanten viser kor den fatale ulykka skjedde i Vikedal knappe to veker før jul.
Det var den 82 år gamle Magnhild Tordis Espevoll som omkom i ei trafikkulykke i Vikedal onsdag føremiddag. Ho var busett i Vikedal. Politiet frigav dagen etter namnet i samråd med dei pårørande.
Kvinna blei påkøyrt medan ho var ute og gjekk åleine på fylkesvegen som går frå Vikedal til Vikedalsdalen. Ho skulle, eller var i ferd med å kryssa vegen frå vestsida der ho bur, då ulykka skjedde. Sør-Vest politidistrikt opplyste like i etterkant at den skadde var erklært død av lege på staden. Ulykka blei meldt like over klokka elleve og alle naudetatane rykte ut.
Førarkortet inndrege