Hans Kristian Havreberg trudde han skulle vere trenar for nokre tilsette i Sparebanken Norge torsdag morgon. Lite visste han kva som venta. – Eg blei veldig, veldig glad og rørt, seier han.
FOTO: Ann Margit Grønstad
Hans Kristian fekk stor overrasking på jobb: – Nå er det vanskeleg å ikkje smile resten av dagen
Hans Kristian Havreberg, som driv Havreberg Treningssenter i Etne, trudde han skulle ha ein vanleg PT-time med Magnhild Gravelsæter Våge, Signe Ellen Fjæra og Aud Laila Frøland frå Sparebanken Norge. Men PT-timen torsdag fekk ei litt ekstra spenstig start for Havreberg.
– Me har med oss ein gåvesjekk på ein liten sum… starta Våge, før ho snudde sjekken mot Havreberg.
– Wow! Dåke er heilt rå. Tusen hjartleg takk! utbraut Havreberg då han såg sjekken med 100 000 kroner til Etne Karate.